Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Høye, Helene

Helene_hoye

Helene Høye speler fele og folkemusikk i gudbrandsdalstradisjon.
Ho bur på Nesodden, men kjem frå Ringebu i Gudbrandsdalen. Det er dei gamle slåtteformene og eigne komposisjonar som dominerer repertoaret hennar, og spenner frå livate rytmar til slåttar med natur-lyrisk preg.
I 1993 utgav ho Sprell levande saman med Mari Eggen. Denne produksjonen vart nominert til Spelemannsprisen. I 1989 var ho med då Sør-Fron Spelemannslag fekk Spelemannsprisen for Den lykkelege friar. Ho er også representert på fleire samle-CDar.
I 1994 mottok ho Sagaprisen, noko som innebar ei fele laga av Gunnar M. Røsstad og opplæring hos spelemannen Reidar Skjelkvåle. Helene er mykje brukt i konsertsamanhenger, både som enkeltutøvar og saman med andre, også i sjangrar som jazz. Ho har reist for Rikskonsertane, opptrådt i radio, TV, festivalar, kyrkjer og i representasjonssamanheng. Det siste året har ho hatt undervisningsoppdrag ved Ole Bull Akademiet på Voss.

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk