Folkelarmprisen har blitt delt ut kvart år sidan, 2005, og i år vart prisane delt ut i kategoriane dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse.

Vann trippel pris
I tillegg til prisen som årets folkemusikar 2013, vann felespelaren Olav Luksengard Mjelva både pris for albumet «Isbrytaren» saman med svenske Erik Rydvall, og saman med Unni Boksasp Ensemble for utgjevinga «Kvite Fuglar». I tillegg spelar Mjelva med bandet Firil som er ein av artistane som spelar på bransjetreffet Folkelarm.

I open klasse vann tidlegare folkelarmartist Unni Boksasp Ensemble prisen for si utgjeving «Kvite Fuglar». Boksasp og hennar ensemble vann også pris i 2010, men då i kategorien for tradisjonelt samspel. Plata er gjeve ut på Boksasp sitt eige plateselskap. 

Prisar til gamle meistrar
I klassen for beste solo-utgjeving gjekk prisen til hardingfelemeisteren Hauk Buen og hans jubileumsutgjeving «Tjugedalaren», som vart gjeve ut i samband med 80-års dag tidlegare i år.  Utgjevinga er gjeve ut på plateselskapet Sylvartun Folkemusikk, og inneheld legendariske opptak spelt inn på Henie Onstad Kunstsenter, og er frå 1986. 

I klassa for dokumentasjon gjekk hyllestplata «W. – musikk av Hans W. Brimi» til topps. Utgjevinga inneheld ei nyinnspeling med fleire ulike artistar, samt ei nyutgjeving av Hans W. Brimi si eiga plate «Hyljarhildring», som no er tilgjengeleg på cd for fyrste gong. 

Det var til saman 40 påmelde til årets pris. Folkelarmjuryen var i år Tellef Kvifte, Asgaut Bakken, Sinikka Langeland og Frank Henrik Rolland.


VINNARANE AV FOLKELARMPRISEN 2013

SOLO
Hauk Buen - Tjugedalaren, Originale slåttar etter Myllarguten, HAUK BUEN 80 ÅR (Sylvartun Folkemusikk)

TRADISJONELT SAMSPEL
Rydvall/Mjelva - Isbrytaren (Grappa) 

OPEN KLASSE
Unni Boksasp Ensemble - Kvite fuglar (UBE)

DOKUMENTASJON
Div art / Brimi,Hans W. - W - musikk av Hans W Brimi (Grappa / Heilo)