Hjem > Aktuelt > Nyhendearkiv > Artikkel

PRIS

Her er dei nominerte til Årets folkemusikkarrangør 2014

Folkemusikkveka på Ål 2014.

Folkemusikkveka på Ål 2014. Foto: Knut Utler / Folkemusikkveka på Ål

Tre festivalar er i år nominert til prisen Årets folkemusikkarrangør som blir delt ut under bransjetreffet Folkelarm neste veke.

Kvart år deler FolkOrg - organisasjon for folkemusikk- og folkedans i Norge, ut pris til ein folkemusikkarrangør som har utmerka seg spesielt. I år har programmering og kunstnarleg profil, publikumsoppslutning, samt evna til å skape blest, interesse og entusiasme for arrangementa og musikken vore kriterium som har vorte lagt vekt på. 

- Dei nominerte har på kvart sitt vis engasjert og tiltrekt seg både eit lokalt publikum og tilreisande i alle aldrar. Arrangementa held høg kunstnarleg kvalitet, har utfordra folkemusikkutøvarar i nye prosjekt, og sett opp musikken og dansen på både tradisjonelle og utradisjonelle arenaer. Samstundes har dei vore og er sentrale aktørar i utviklinga av sine lokale og regionale folkemusikkmiljø, fortel styreleiar i FolkOrg, Per Øyvind Tveiten. 

Dei nominerte til Årets folkemusikkarrangør 2014 er dei tre festivalane Førdefestivalen, Kalottspel og Folkemusikkveka på Ål. 

Prisen er på 10 000 kroner, og blir delt ut under Folkelarm som går av stabelen 25. – 27. september.

 

OM ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR


Prisen for Årets folkemusikkarrangør blei oppretta i 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Det er open nominasjon, og arrangørar kan også melde sitt eige kandidatur.

Tidlegare vinnarar av prisen er: 

2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg

 

FØRDEFESTIVALEN
> Førdefestivalen sine heimesider

Førdefestivalen_musikk i sentrum - heidi hattestein.jpg
Førdefestivalen 2014. Musikk i sentrum. Foto: Heidi Hattestein

KALOTTSPEL
> Kalottspel sine heimesider

KalottspelLåven_Folkelivet_OIL-IMG-1683.jpg

Kalottspel 2014. Foto: Odd-Inge Larsen

FOLKEMUSIKKVEKA PÅ ÅL
> Folkemusikkveka på Ål sine heimesider

Folkemusikkveka på Ål 2014 - foto - Knut Utler_440.jpg

Folkemusikkveka på Ål 2014. Foto: Knut Utler / Folkemusikkveka på Ål


 


| Tips en venn | Skriv ut |