- Vi gler oss til eit lite og triveleg arrangement for store og små der vi håpar å inspirere og bli inspirert. Fyrste gong eg var på lausdanssamling i gymsalen i Aurdal var med Martin Myhr for 20 år sidan. Det motiverte stort, fortel initiativtakar Hallgrim Hansegård.

Frikarakademiet flytta inn i gymsalen i Aurdal i haust, og denne helga er det Hansegård og Frikarakademiet som arrangerer kurs, dansefest og den såkalla Frikar-tevlinga her.

Frikar-tevlinga vart fyrste gong arrangert på Riksscenen i 2011. Hallgrim Hansegård vart da kåra til meister, etter at han vann finalen mot Ådne Kollbjørnshus.

Denne videoen er henta i frå Frikar-tevlinga i 2011:

Tevlinga baserar seg på at ein dansar ein-mot-ein i ein sirkel med publikum rundt. Dansarane blir målt etter kor gode dei er til å takle situasjoner som oppstår mellom kvarandre. For å kunne vere dommar i Frikar-tevlinga, må du sjølv ha vore lausdansar.

Spelemennene, som i dette høve er Jan Beitohaugen Granli og Andris Hemsing, kan byte låttar og tempo etter eige ynskje.  

- Målet med tevlinga er å inspirere til samdans med lausdansen. Tevlingsforma triggar fram dei magiske augeblikka vi ikkje finn på kappleikane, der dansarane overraskar seg sjølv og andre i tospann. Som i den gamle folkedansen sit publikum her rundt dansarane. Det er spelmennene som avgjer tempo og lått, ikkje dansarane, fortel Hansegård

 

Kurs, seminar og dansefest

Samlinga er også for nybyrjarar, og det blir halde kurs i lausdans frå kl 14 - 17. Tevlinga er kl 19, og kl 21 er det klart for dansefest med bygdedans og gamaldans. På formiddagen er det seminar og uformell samling for vidaregåande dansarar der blant andre Ingar Ranheim har innlegg. Frikar oppfordar folk i alle aldrar og i dugleiksnivå, til å melde seg på.

Påmelding

 

Du kan melde deg på på kurset ved å sende ein epost til akademiet@frikar.com, eller melde deg på ved frammøte Pris: 100 kr. (Gratis for faste deltakarar av Frikar-Ninja)

Meir informasjon om Frikar-tevlinga finn du her, på frikar.com