Musikken og hatet

- Hatar nordmenn den norske folkemusikken?

Spørsmålet er utgangspunkt for ein debatt under By:larm 13.–16. februar i år. På heimesida til larmen blir det synt til boka White Bicycles, skriven av produsent og bransjelegende Joe Boyd, som spør kvifor England hatar sin eigen folkemusikk. «Kan vi seie det same om nordmenns forhold til eigen folkemusikk?» spør no By:larm.

Problemstillinga er stor og vid. Og tabloid. Korleis setje ord på eit potensielt hat – som vi ikkje kjenner? Og kvifor i det heile dyrke debatten om noko vi eventuelt hatar?

For litt sidan rasa debatten om norsk kultur, om kva han er – og ikkje er. Kulturuttrykk vart sette opp mot kvarandre. Er kjøtkaker norsk kultur? Er barn av innvandrarar i Noreg som nordmenn å rekne? Er norsk kultur borte om ti år?

Spørsmålet om det eventuelle folkemusikkhatet er ikkje uinteressant sett i ein kulturell samanheng. Haldningar, uttrykksmåtar eller samværsskikkar seier noko om kven vi er, om verdiane våre og samfunnet som vi er ein del av. Men korleis kan vi forstå påstanden om folkemusikkhatet betre? Kva er bakgrunnen for påstanden? Kva slags forhold har nordmenn til folkemusikk, eigentleg?

Haldningane til folkemusikken vart etablert i samband med bygginga av nasjonen Noreg. I rusen av 1814 voks det fram idear om ein særskild, norsk eigenart. Framståande nasjonsbyggjarar tok til å jakte på ein norsk kultur. Og dei fann han, mellom anna i den folkelege musikken og dansen. Forteljinga om Noreg var skapt.

Dei nasjonale forteljingane har halde seg sidan. Musikken og dansen, og resten av folkekulturen står framleis støtt i forteljinga om den norske kulturen. Den idealiserte og idylliserte «norskdomen» er framleis del av fellesarven vår. Klunken frå fela får enno blodet til å bruse og kroppen til å gynge. I ¾-takt. Eit klamt fellesskap, seier du? Ja, vel, men framleis eit fellesskap, vil fleire meine.

Noko har likevel skjedd. Banda til og kjenslene for dei nasjonale forteljingane, til fellesarven er ikkje like sterke som før. Folkemusikken har fått konkurranse av andre kulturuttrykk: Få av oss bryr seg om musikken i særleg grad. Ikkje betyr han noko i det store kulturfellesskapet heller, kan det sjå ut til. Kanskje er nordmenn i røynda ganske likesæle med musikken og dansen når alt kjem til alt?

Forteljingane frå den verkelege verda, den alminnelege kvardagen utfordrar dei nasjonale forteljingane, og er ikkje lenger besteven med grautidyllen og tonearven. Ideen om det norske har etter kvart vorte ein klisjé, noko vi ikkje trur like sterkt på. Sanninga har kome for dagen. Irritasjonen over fellesarven og urtonane er som ungdomsopprøret mot mor og far. Frigjeringa er eit faktum. Navlestrengen må bort. Er det dette som er hatet i folkemusikken?

«Hvis kultur skal være ensbetydende med folklorisering og romantisering av en disig og mytisk urtid, museale ritualer og terroristiske bjeff om grenser og renhet, er det på høy tid at noen slår et slag for kulturløsheten», skriv Thomas Hylland Eriksen i pamfletten Kulturterrorismen.

Som menneske har vi ikkje kapasitet til korkje å vite eller kunne alt. Ut av opprøret og frigjeringa veks nye mytar, nye sanningar og nye forteljingar: «Musikken er gammaldags, nasjonalistisk, assosiert med felegnikking og traumatiske minne frå barndommen», skreiv ein eg kjenner på spørsmålet om det såkalla folkemusikkhatet. Stereotypiane gjentek seg, berre med andre forteikn.

Folkemusikken er enno del av fellesarven og forteljinga om den norske kulturen. Den nasjonale strengen dirrar framleis i oss. Til glede og irritasjon. Difor meiner vi noko om han.

 

 Lederen står på trykk i bladet Folkemusikk (1/13), som er i salg hos Narvesen nå. Teksten ble også trykket i VG, 5. februar 2013.

 

Les om by:larm-seminaret "Hvorfor hater vi vår egen folkemusikk?" her

Er du leser av bladet Folkemusikk? Du kan si din mening om meningssidene i bladet, ved å delta på denne spørreundersøkelsen. Undersøkelsen tar ca fem minutter.