Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Hamre, Knut

Knut_Hamre

Hardingfelespelar og musikkpedagog, født i 1952 i Hardanger.

Knut Hamre er ein av dei fremste utøvarane på Hardingfele. Han fortolkar Hardanger-tradisjonen, eit rikhaldig tilfang av godt bevarte slåttar. Han nemner Anders Kjærland som den fremste læremeisteren sin. Hamre har vunne landskappleiken, hardingfele klasse A, heile sju gonger. Han vart tilsett i den fyrste folkemusikkgruppa i Hordaland fylke og verka som fylkesmusikar frå 1992 til 1994. Frå 1984 til 1993 var han engasjert i innsamling for folkemusikkarkivet ved Hardanger Folkemuseum. Han er ein omtykt pedagog og har lagt ned eit stort arbeid for born og unge både i musikkskulane og i Hardanger spelemannslag.

Sidan 1975 har Knut Hamre turnert Noreg rundt, og han har delteke på festivalar og konsertar over heile verda. Han har samarbeidd med kunstnarar i fleire genrar, og han har gjeve ut ei rekkje plater både som solist og saman med andre. Eit døme er samarbeidet med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss som resulterte i plata Toneflaum. Denne fekk spelemannspris i 1998. Eit anna døme er samarbeidet med dei svenske musikarane Mats Edén og Tina Quartey som byrja i 2002. Dette samarbeidet har ført til turnear i Sverige, Norge og i USA. Knut Hamre har også spela inn plata Å (1998) i USA i samarbeid med Mark Anderson og Steve Tibbetts. I ensemblet Trio i ein fjord som vart starta i 1988 spelar Hamre saman med pianisten Geir Botnen og kvedaren Reidun Horvei. I 1992 gav dei ut plata Trio. Samarbeidet med skodespelar Hildegun Riise som byrja rundt 1990 (der også musikarane Sigbjørn Apeland og Benedicte Maurseth deltek), er eit døme på arbeid der musikk og lyrikk settast saman. I 1994 starta Knut Hamre Trio Hardanger i lag med sine tidlegare elevar Åse Teigland og Frank Rolland. Dette samarbeidet har blant anna resultert i platene Håstadbøslåttar (1999) og Trio i Hardanger (2003).

I dei seinare åra har Hamre – saman med felespelaren Benedicte Maurseth – gjort eit pionerarbeid med å granska slektskapen mellom dei eldste norske hardingfelene frå 1600- og 1700-talet og instrument frå barokken. Dei har tatt dei gamle felene i bruk, og ved hjelp av tarmstrengar og barokkboge får dei fram ein djup og varm klang i musikken. Resultatet kan høyrast på CD-en Rosa i botnen (2006) som gjorde omgrepet «tidleg slåttemusikk» gjeldande. Gjennom den gamle spelestilen har dei eldste slåttane fått attende ein dimensjon som lenge har vore tapt. Frå og med 2006 har Knut Hamre samarbeidd med svenske Anders Bjernulf og finske Arto Järvelä i ein nordisk folkemusikktrio.
 

Diskografi


Nøringen (saman med Leif Rygg , Heilo, 1981)

Slik spelar Knut (Heilo, 1984)
Fargespel (Heilo, 1992)
Trio (saman med Geir Botnen og Reidun Horvei, (Simax, 1992)
Toneflaum (saman med Bjarne Herrefoss og Hallvard T. Bjørgum, Sylvartun, 1998)
Å (saman med Steve Tibbets og Mark Anderson, Hannibal Records, 1998)
Håstabøslåttar (saman med Åse Teigland og Frank Rolland, Heilo/Grappa, 1999)
Trio i Hardanger (saman med Åse Teigland og Frank Rolland, Heilo/Grappa, 2003)
Rosa i botnen (saman med Benedicte Maurseth, Heilo/Grappa, 2006)

 

Medverkande på andres plater

Har delteke som medmusikar på fleire CD-ar i ulike musikalske genrar

 

Andre utgjevingar/bøker/aktivitetar

Rosa i botnen (Både CD og DVD, Heilo/Grappa 2006)
 

Prisar og stipend


Hamre har vunne ei rekkje prestisjetunge prisar, mellom andre:

Kongepokal (1981)
Myllargutprisen (1986)
Edvard Grieg-prisen (1993)
Spelemannsprisen (for plata Toneflaum, saman med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss, 1998)
Hilmar Aleksandersens minnepris (1993)
Statens 3-årige arbeidsstipend (1993-96)
Anders Kjerlands minnepris (2000)

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk