Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Glima

Glima -

Glima - Foto | Anders Kvåle Rue

- Torunn Raftevold Rue, hardingfele
- Ragnhild Knudsen, bratsj, hardingfele
- Helene Waage, cello

GLIMA er ein utradisjonell stryketrio som spelar norsk folkemusikk i eigne arrangement. Musikarane har solid forankring i den tradisjonelle norske folkemusikken, men let seg inspirere av andre impulsar: nasjonale og internasjonale.

GLIMA har namnet sitt etter ei av dei tre gygrene som i følge sagnet bur i fjella som omgjev Flatdal (Seljord kommune). Torkjell Haugerud komponerte slåttar om dei; Glima, Tårån og Ljose-Signe. Glima er med på debut-CDén (2001). Då er naturleg nok Tårån med her. Glime tyder også: eit sterkt skin - og høver svært godt på denne unike trioen. Det eigenarta og utadvendte resultatet på deira nye innspeling, kan gjerne kallast kammermusikalsk folkemusikk. I tett samspel og med varierande instrumentering har GLIMA som mål å arrangera slåttane både på folkemusikken sine eigne premiss, og å utvida rytme- og klangopplevingane inn i noko nytt.

Repertoaret spenner frå drivande danseslåttar med rytmisk snert til vare visetonar i nennsame arrangement. Cello og bratsj ikkje berre akkompagnerer, men følgjer den tradisjonsklingande hardingfela inn i musikken. Dermed opnar det seg opp ei ny verd.

Trioen har spelt saman sidan 1997. Torunn R. Rue og Ragnhild Knudsen vann gruppespel under Landskappleiken i 2001 og på ny i 2008. GLIMA har framført musikken sin på mange ulike scener og mellom anna delteke på Telemarkfestivalen og Jorvik Viking Festival (York/UK). GLIMA har spelt ei rekke konsertar for eit variert publikum frå barnehage, via offentlege tilstelningar på kulturarenaer, til kyrkjekonsertar. Glima har vore særleg aktive i Telemark, der dei held til.

 

Utgjevingar

2001: Glima (Lærdal musikkproduksjon)
2009: Tårån (Norcd)
Det nye albumet "TÅRÅN" er produsert av Tellef Kvifte (Chateau Neuf Spellemannslag, Lucky Loop etc.)

 

 

Diskografi


2009:    Tårån, (NORCD)
2001:    Glima, (Lærdal Musikkproduksjon)


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk