Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Gipsy Tunes

gipsytunes

Orkestret Gipsy Tunes (tidl.Opre Roma) vart stifta hausten ´99 av ei rekkje norske, ungarske og bosniske entusiastar i Bergen, som ønskte å fremme det europeiske Romanifolket sine musikktradisjonar i eit land der denne musikken er i ferd med å gå i gløymeboka.

Kan hende vil nokre seie at eit 6 manns sigøynarorkester, der ingen av medlemene er romani (sigøynar), ikkje har så stor legitimitet og såleis ikkje bør kalle seg for eit ekte sigøynarorkester. Men det er med djup respekt for romanifolket si musikalske historie at dei ønskjer å framføre deira tolking av denne folkemusikken, og dei er ikkje så reint lite stolte over å kunne kalle seg for eit sigøynarorkester.

2006-utgaven av Gipsy Tunes er ein svært sammensveisa gjeng, både på det personlege og musikalske plan og enkelte av orkesterets medlemar kjenner godt til sigøynerkultur og musikk frå sine heimland på Balkan. I dag kjem musikken vår til uttrykk gjennom instrumenta; Gitar, Tambura, Fiolin, Kontrabass, Tamburin samt vokal... Vi mottok i 2001 Bergen Kommunes kulturstipend som gjekk til reise til sigøynerfestival i Frankrike 2002.

Utgjevingar:

"Parno rom" (Kvit sigøyner) Distribusjon: Norilds musikk.

(Gipsy Tunes arbeidar med innspeling av nytt album i samarbeid med Etnisk musikklubb) Sjå elles heimesidene for fleire detaljar..


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk