Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Geitungen

Geitungen-nytt

Hits frå ei svunnen tid

Geitungen presenterer låtar som ein gong var populærmusikken blant fest-sugne utkantrogalendingar, låtar som var på topplista av låtar som ein helst ville høyra når ein gjekk til dans - hits frå ei svunnen tid. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar fordelt på dei tre musikantane. Uttrykket er enkelt og musikken spenner seg frå lun og varm masurka til heite og yppande hopsarar og syrlege valsar, med til tider nokre influensar frå meir nåtidig populærmusikk og spelestil i arrangementa. Gjennom sitt lunefulle og eggande spel, tar Geitungen publikum med tilbake i tid, langt ut til dei halvmørke dansegolva i dei litt meir festlege delane av utkant-Rogaland.

I Geitungen speler Vidar Skrede, Olav Christer Rossebø og Håvard Ims. Dei møttest som tenåringar og har spelt i lag sidan 1997. Saman har dei spelt mykje til dans og heldt konsertar og turnear i inn og utland.


Diskografi


2001: Vaniljesaus (eget selskap )
2005: Bra kast (Heilo)
2010: Langt ute (Heilo)


Priser


Folkelarmpris 2005

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk