Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Garnås, Per Anders Buen

unknown

unknown

Hardingfelespelar og skribent født 1980, i Bø i Telemark

Per Anders Buen Garnås vart tidleg ein særs god spelemann med stor slåttekunne. Han har vakse opp med spel og song i heimen og i familien, og er son av den kjende songaren Agnes Buen Garnås. Viktige læremeistrar og inspiratorar har vore onklane, Knut og Hauk Buen, Bjarne Herrefoss, Einar Løndal, Eivind Mo, Sveinung Dalen, Gunnar Innleggen, Anund Roheim, Hallvard T. Bjørgum, og Olav K. Øyaland, som han hadde som lærar då han tok spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet (1998 – 2000). Han hadde og Knut Buen som lærar under dette studiet. Han spelte seg opp i eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i 1999, som ein av dei yngste nokon sinne, og vann denne i 2003. Fire gonger har han vunne Fanitulltevlinga under Den Norske Folkemusikkveka på Ål. Per Anders Buen Garnås er med i gruppene Åtte Potte (1998 – 2001) og Hått (1997). Han har og fleire konsertprogram, som Salme, segn og solbøn saman med systera Ingvill Marit Buen Garnås, Draumkvedet saman med mora Agnes Buen Garnås, Åleine saman med mora og dansaren Ingebjørg Vesaas, og hardingfelekonsertar saman med mellom anna Daniel Sandén-Warg, og Olav Luksengård Mjelva. Han har komponera mange slåttar, og i 2006 var han ein av dei som komponerte slåttar til tingingsverk-konserten under festivalen Árinn i Kristiansand. Han har hatt omfattande konsertverksemd i heile verda dei siste ti åra, og jobba som musikklærar i kulturskulen i Tinn. Buen Garnås er også skribent, og har publisert ein rekke artiklar i ulike tidsskrift. Frå hausten 2006 til og med våren 2008 var han redaktør av tidsskriftet Kvinten.

 

Diskografi


Åleine (Nyrenning, 2001)

Han rider den mørke natt, saman med Agnes Buen Garnås (Via Music, 2002)

På Grønalihei, saman med Ingvill Marit Buen Garnås (Nyrenning, 2003)

Warg / Buen (Ta:lik 2008)

Hått - B-burger (Ta:lik 2009)

 

Prisar


Øyvind Berghs minnepris (1998)

Nominert til Spellemannprisen for Åleine (2001)
Telemarkstipendet (2002)

 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling

 

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk