Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Garnås, Ingvill Marit Buen

Foto | Kari Løvaas

Foto | Kari Løvaas

Kvedar frå Bø i Telemark, født 1973

Ingvill Marit Buen Garnås syng i telemarkstradisjon, og har vakse opp med spel og song i familien og i lokalmiljøet. Ho er dotter av den kjende kvedaren Agnes Buen Garnås. Ho har alle slags songar på repertoaret, men har særleg utmerka seg i sine tolkingar av balladar og dei mystiske gåtevisene. Dette ser ein også att i plateutgjevingane På Grønalihei, som er tittelen på ei gåtevise, og Gåtesong. Denne blei nominert til Folkelarmpris i 2006.

Gjennom arbeidet til mor si har ho fått låne øyre til svært mange av dei beste kvedarane i den eldre generasjonen. Ho har elles bruka mykje tid på arkivopptak, tekst- og notenedskrifter frå 1800-talet. I den samanheng kan det nemnast at Lindeman skreiv ned tonestoff etter tipp-tipp oldefar hennar, Torstein R. Gvåle i Tuddal, og at Landstad møtte den segnomsuste tipp-tipp-tipp oldemora, ”Fugge-Kari”, Kari Varen frå Åmotsdal.

Ho har produksjonane På Grønalihei med band, Gåtesong med Jon Anders Halvosen, Salme, segn og solbøn med broren Per Anders Buen Garnås og HORPA med blant andre Nils Økland og Camilla Wærenskjold. Buen Garnås er kvalifisert til eliteklassa på Landskappleiken, klasse A, og vann denne i 1999 og 2003. Ho er ein dugandes dansar, og stiller også i dans på kappleik (klasse A). Ho er ein pådrivar i norsk kvedarforum, og ofte engasjert i den norske folkemusikkdebatten.

 

Diskografi


2003: På Grønalihei (Nyrenning) soloplate

2005: Gåtesong (Etnisk Musikklubb)
2010: Salme, segn og solbøn (ta:lik)

 

Priser


Nominert til Folkelarmpris i 2006 for plata Gåtesong

 

 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk