Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Garnås, Agnes Buen

Agnes+Buen+Garn%E5s_foto_+Birte+Ulveseth_+275+px

Kvedar, pedagog, pådrivar og inspirator født 1946 i Jondalen, busett i Bø i Telemark

Agnes Buen Garnås vaks opp i ein heim med folkemusikk og -song. Foreldra, sysken og seinare borna hennar driv alle med kunstnarisk verksemd. Ho har sidan tenåra arbeidd for å få dei eldste kvedarane fram i lyset, blant anna gjennom radio- og TV-program, bokutgjevingar og kurs/seminar. Ho var aktiv i miljøet rundt Club 7, og arrangerte kvedarseminar på 1970 og -80 talet. Slik kom ho i kontakt med songarar frå heile landet, som ho lærde mykje av. Ho har toårig kulturutdanning frå Telemark Distriktshøgskule (1975-1977), og har som lærar vore tilknytt Ole Bull Akademiet på Voss i 15 år. Ho har undervist musikkstudentar på alle nivå.

Ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane har vore broren Knut Buen. Dei har gjeve ut plater saman, og halde mange konsertar og turnear. Heilt frå starten av sitt virke som utøvande kunstnar har ho samarbeida med musikarar frå ulike sjangrar. Viktige grupper/prosjekt har vore Draumkvedet, saman med Harald Gundhus, Knut Buen, Kåre Nordstoga og Warren Carlstrøm. Saman fekk fekk dei spellemannpris. På slutten av 1980-talet byrja samarbeidet med Jan Garbarek, og deira plate Rosensfole kom i 1989, etterfylgd av fleire turnear både i Noreg og internasajonalt. Det syng! (1994 -1997) og Kvedar (1997-2004) var to balladeprosjekt, med fleire av dei fremste kvedarane i Noreg og Norden. Agnes Buen Garnås har drive turneverksemd i Noreg og Europa. Ho har vunne vokalklassa på Landskappleiken seks gonger, men deltek ikkje i musikkonkurransar lenger. I 2002 var ho ei av pådrivarane for å etablere Norsk Kvedarforum.

Ho har fått Kongens fortenestemedalje i gull, og fekk i 2005 Kulturrådets ærespris.Dei siste åra har Buen Garnås arbeidd mykje med tverrkunstnarlege samlingar for barn i alder 0-3 år (opphavleg Klangfuglprosjektet), samt prosjekta Ljod med perkusjonistene Marilyn Mazur, Birgit Løkke og songaren Ruth Wilhelmine Meyer, og Åleine saman med dansaren Ingebjørg Kittelsaa Vesaas og hardingfelespelaren og sonen Per Anders Buen Garnås. I 2008 var ho Ukas artist på P2. Jobbar for tida mykje saman med Ruth Wilhelmine Meyer i  prosjektet Fugl i tillegg til eit nytt barneprogram og utgjevinga "Sull"
 

Diskografi


Det spelar og syng (Norsk Polygram, 1975)

Når klokkune gjeve dur (Kirkelig Kulturverkstad, 1976)

Nordafjølls, folkeviser/lydarslåttar (1983)

Draumkvedet; Agnes Buen Garnås, Harald Gundhus Knut Buen, Kåre Nordstoga og Warren Carlstrøm (Kirkelig kulturverksted, 1984)

På gamle tufter (Buen Kulturverkstad, 1985)

Jul med rupesekken (Buen Kulturverkstad, 1985)

Stem våre understrenger (Buen Kulturverkstad, 1988)

Rosensfole, med Jan Garbarek (Kirkelig Kulturverksted/ECM, 1989)

Tusseliten og Trippeliti (Buen Kulturverkstad, 1989/1990)

Attersyn (Buen Kulturverkstad, 1995)

Langt inn i hugheimen, med Knut Buen (Buen Kulturverkstad, 1996)

Norsk barnetradisjon i leik, song og soge; Knut Buen og Guttorm Guttormsen ()

Stev og slått, med Knut Buen (Buen Kulturverkstad, 1996)

Det syng! (1997)

Ljos og skugge, med Knut Buen (Buen Kulturverkstad, 1998)

Soltreet, med Knut Buen (Buen kulturverkstad, 2002)

Han rider den mørke natt (Via Music, 2002)

 

Medverkande

Folkmusic of Norway (Topic, 1977)

Twelve moons; med Jan Garbarek (1993)

Høgdepunkt under Landskappleiken, div artistar (Grappa, 1994)

Med blanke ark, div artistar (Grappa, 1994)

Venn, div artistar (2005)

24 av Knut Buens beste (Nyrenning, 2008)

 

Bøker

Kvedarskogen har runne på ny (Telemark Årbok, 1980)

Ei vise eg vil kveda, redaktørar Dagne Groven Myhren, Hanne Kjersti Buen og Agnes Buen Garnås (1978/1984)

54 viser og stev fra Øst-Telemark, redaktørar Tiril Bonnevie, Turid Askjem, og Agnes Buen Garnås, illustrasjon Sidsel Huvestad og Hanne Borchrevink (Grøndahl, 1984)

Tusseliten og Trippeliti, tekst- og notehefte (Buen kulturverkstad, 1989/1990/1992)

 

Prisar


Spellemannprisen, Dramukvedet (1984)

Statens garantiinntekt for kunstnarar frå (1987)

Lindemannsprisen (1989)

Bø kommunes Musikkpris (1990)

Osaprisen (1994)

Sagaprisen (1992/1994)

Norsk Folkemusikkfonds pris (1995)

Rolf Gammlengpris i åpen klasse (1997)

Æresmedlem av Landslaget for Spelemenn ()

Kongens fortenestemedalje i gull (2002)

Kulturrådets ærespris (2005)

 

Presse/Kringkasting


Programleiar for TV-portretta av Brita Bratland, Aslak Brekke og Ragnar Vigdal. Regi Erik Øsby (1977-1980).

Programleiar på radio, særleg Folkemusikkhalvtimen

Portrettprogrammet "Kjærringa mot strømmen" , NRK1

Draumkvedet frå Gjerpen kirke i regi Lise Foss (1987)

Ukas P2 artist sumaren 2008, NRK P2

 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk