- Vi pussar danseskoa, spenner felebogane og reinskar songstemma – og gler oss til å ta imot mykje godt folk til kappleik. Vi garanterer god stemning heile helga, fortel arrangørane. 

Kappleikshelga tek til med solokonsert med Gamlebanken sin eigen Erlend Apneseth. I 2012 vart han både A-klassing på hardingfele og fekkGrappa sin debutantpris. Prisen har resultert i ein cd som kjem ut rett før kappleiken. 

- Det vert tevlingar både fredag og laurdag, og i god Gamlebanken-ånd har vi valt å ha konkurransar i både bygdedans- og runddans-spel. Det vert også høve til å delta i den særs populære runddanstevlinga i dans.

Laurdagskvelden vert det tevlingskonsert med mellom anna A-klassar ogutdeling av Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. 

Hald deg oppdatert på program og anna info på: www.vestlandskappleiken.no.

> Meld deg på arrangementet på Facbook
> Følg Gamlebanken Spelemannslag på Facebook.

 

Gamlebanken_foto - Oddvar Bolstad.jpg

Foto: Oddvar Bolstad