Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Furholt, Ragnhild

Foto | Kari Løvaas

Foto | Kari Løvaas

Songar og pedagog, født 1959 i Sogndalen i Vest-Agder

Ragnhild Furholt er vaksen opp med folkemusikk i familien og i heimen, faren Halvdan og onkelen Otto er hardingfelespelemenn. Ho har lært frå eldre kjelder i begge Agderfylka, og er utøvar av alle sjangrane innan norsk vokal folkemusikk. Ho legg vekt på ei tradisjonell framføring, men har og gjennom fleire år samarbeidd med andre musikarar som Leiv Solberg, Ånon Egeland, og far og søster Halvdan og Eldbjørg Furholt. Eit meir eksperimentelt samarbeid har ho med Helene Waage på barokkcello i programmet Sidan Adam var liten. Ho har kome med to soloplater, Segner Syng (1997), som fekk Spellemannpris, og …På alle strengjer (2001). Ho har vore med i og skrive musikken til kabareten Damer med drift, som hadde uroppføring på Josefine Viseklubb i 2003. Ved sida av å vere ein aktiv kvedar har ho vore tilsett ved Folkemusikkstudiet i Rauland ved HiT, sidan 1989. Ho har hatt kurs på Ole Bull Akademiet, og vore lærar for studentar på Kvedarskulen ved same institusjon, og timelærar ved Norges Musikkhøgskole. I 1999 og 2007 fekk ho Statens stipend som folkekunstnar. Ragnhild Furholt er kvalifisert for eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken, og har vunne denne fire gonger. I 2001 fekk ho Kongepokalen for prestasjonen. I 2006 leverte ho masteroppgåva i Kulturstudiar: Kor er du fødd og kor er du boren: mellomalderballaden i bruk etter innsamlinga, ved HiT. Ho gav ut plata "Lån meg vengjene" hausten 2007 der ho brukar vokalstoff nedteikna av L.M. Lindemann. På denne har ho musikarane Leiv Solberg og Birger Mistereggen med seg.
 

Diskografi


Agderkrullar, saman med Halvdan og Otto Furholt (1981)
Segner Syng (Grappa, 1997)
…På alle strengjer (Lærdal musikkproduksjon, 2001)
Lån meg vengjene (Ta:lik 2007)


Priser

Spellemannprisen for plata Segner Syng (1997)
Årets Sogndøl (1998)

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling




| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk