Hjem > Artikkel

Folkemusikalsk meistermøte i Operaen

Hallingdanserne Ulf Arne Johannessen, Ådne Kolbjørnshus og Sigbjørn Rua.

Hallingdanserne Ulf Arne Johannessen, Ådne Kolbjørnshus og Sigbjørn Rua.

Sundag kveld kunne ein fullsatt Operasal sjå ein forrykande festframsyning med nokre av dei beste folkedans- og musikkutøvarane i landet. Om lag 90 noregsmeistrar fylte scena med song, dans og spel i løpet av kvelden.

Folk kom frå heile landet for å få med seg konserten, og publikum syntest særs godt nøgd med kvelden da applausen stod i taket på slutten av konserten.

Det var eit fantastisk mangfald blant utøvarane, og dei fekk verkeleg synt fram kva norsk folkemusikk- og dans har å by på. Publikum fekk mellom anna oppleve spenstig hallingdans frå både Ådne R. G. Kolbjørnshus, vinnar av årets eliteklasse i halling, Småjondølenes dansarlag og gruppa ”Ung og lovande” frå Ål. Det var nydeleg balladesong frå Fureprisvinnar Mari Midtli, eggjande hardingfele av vetle Cecilie Skrindo, som for fyrste gong i år deltok på Landskappleiken og gjekk av med sigeren, og stemninga var magisk da Silje Hegg frå Telemark spelte Kivlemøyane etter Eivind Groven på seljefløyta si.

>> Sjå bilete frå konserten her

Regissør Silje Onstad Hålien frå Valdres hadde bunde det heile saman på ein framifrå måte, og det var kvedarane Aasmund Nordstoga og Camilla Granlien som leia framsyninga frå scena.

Arrangøren hadde invitert ein del ulike gjestar til å komme på konserten, og det vart tidlegare i haust kjend at Stortingspresidenten Olemic Thomessen ville kome på konserten. Han helsa frå scenen og gratulerte arrangørar og utøvarar med eit fantastisk arrangement. ”Måtte det skje igjen!” oppfordra han før han introduserte kongepokalvinnar Ole Aastad Bråten, som for høvet hadde teke med seg bror sin Knut Aastad Bråten.

Det var også svært gledeleg at Hennar Majestet Dronningen kom for å sjå og høyre nokon av dei fremste folkemusikkutøvarane ein har i Noreg. Og i pausa avla dronning Sonja ein visitt i Flagstad-rommet, for ei samtale med fem av utøvarane. Ho fekk hove til å møte Ole Nilssen og Solveig Brekke Hauknes, vinnarar av dans fele A og pardans senior, Ole Aastad Bråten, kongepokalvinnar i langeleik, Gro Marie Svidal, vinnar av spel hardingfele A og Tom Willy Rustad, vinnar av andre eldre folkemusikkinstrument og munnharpe senior.

Meisterkonserten er eit samarbeid mellom FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans, og Den Norske Opera og Ballet.

Konserten tok utgangspunkt i dei to største tevlingane innan tradisjonell folkemusikk og- dans i Noreg, nemleg Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som gjekk av stabelen i sommar. Heile 24  nummer  frå dei to meisterskapane spelte, dansa og sang under Meisterkonserten.

Utøvarane var:

  • Gro Marie Svidal – Spel hardingfele A (Landskappleiken)
  • Aslak O. Brimi – Spel fele A (Landskappleiken)
  • Gro Kjelleberg Solli – Vokal folkemusikk A (Landskappleiken)
  • Odd Nordstoga – Vokal folkemusikk A (Landskappleiken)
  • Tom Willy Rustad – Munnharpe senior og andre eldre folkemusikkinstrument senior (Landskappleiken)
  • Ole Aastad Bråten (kongepokalvinnar og klassevinnar) og Knut Aastad Bråten  – Langeleik senior (Landskappleiken)
  • Silje Hegg -  Fløyte senior (Landskappleiken)
  • Gudbrandsdølenes Spelmannslag – Lagspel senior (Landskappleiken)
  • Øyvind Sandum – Durspel senior (Landskappleiken)
  • Ami og Håkon Dregelid, med musikar Synnøve Bjørset – Dans hardingfele A (Landskappleiken)
  • Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen, med musikarar Øyvind Sandum og Leif Ingvar Ranøien – Dans fele A (Landskappleiken) og Pardans senior (Landsfestivalen)
  • Ådne R. Geicke Kolbjørnshus (vinnar), Sigbjørn Rua og Ulf-Arne Johanessen, med musiker Sivert Andreas Holmen – Halling A
  • "Ung og lovende" frå Ål spel- og dansarlag med musiker Arne Anderdal – Lagdans senior (Landskappleiken)
  • Hedmark Juniorspellmannslag – Lagspel junior (Landskappleiken)
  • Småjondølenes Dansarlag med musiker Sigbjørn Rua – Lagdans junior (Landskappleiken)
  • Kristin Gravaune og Andreas Bjøkås – Open klasse (Landskappleiken)
  • Mari Midtli – Vinnar av vokal C, spel fele C, Fureprisvinnar og fureprismottakar (Landskappleiken)
  • Cecilie Skrindo – Spel hardingfele C (Landskappleiken)
  • Olav Sem og Rønnaug Larsen, med musikar Johannes Sundsvalen – Dans hardingfele D (Landskappleiken)
  • Britt Pernille Frøholm – Hardingfele/fele solo senior (Landsfestivalen)
  • Mads Erik Odde (vinnar) og Bjørn Kåre Bråten Odde – Andre instrument solo senior (Landsfestivalen)
  • Bjørkås kvintett – Gruppespel (Landsfestivalen)
  • Anna Marie Sampson Welander og Øyunn Fahgerhaug Gustavsen – Samspel junior (Landsfestivalen)

 

For pressa:

Ynskjer de meir informasjon, ta kontakt med:
Kontaktperson for FolkOrg – Organisasjonen for folkemusikk og folkedans
Rådgjevar Ingrid Schei Stuhaug, Tlf.nr. 90016 334,  e-post ingrid@folkemusikk.no

Dersom de ynskjer bilde av nokon av utøvarane som var med på konserten, ta kontakt med Anbjørg Myhra Bergwitz, e-post anbjorg@folkemusikk.no

 


 


| Tips en venn | Skriv ut |