Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

FØYK v/Aksel Tveråmo

foyk

Føyk er ei norsk etnofolkemusikk-gruppe som speler omarbeidd folkemusikk frå vokaltradisjonen i Møre og Romsdal.

Føyk koplar stemningar frå gamal norsk vokaltradisjon med moderne "folkemusikkinstrument", -synthesizer/sampler og trommer/perkusjon. Gruppa nærmar seg dei musikalske sjangrane pop, etnisk og ambient. Debutalbumet fekk terningkast 5 i Dagbladet. Det svenske musikkmagasinet Lira gav strålande kritikk. Tittelsporet «Kraaka» låg 17 veker på Norsktoppen. Albumet er utgjeve på den spansktalande marknaden av selskapet Sonifolk.

Gruppa er samansett av:

Tone Fedt: Vokalist og folkemusikar. Ho debuterte på Moldejazz ´94, har sidan ´95 turnert for Rikskonsertane med didgeridoo-artisten Zotora og Kenneth Ekornes i bandet Draumetid.

Skram: Keyboardist, jazz-komponist og arrangør. Han tok initiativet til Føyk i ´93, har spelt på ulike jazzfestivalar med eige materiale, sidan ´97 har han eksperimentert med multimedia performance.

Kenneth Ekornes: er ein perkusjonist som kombinerer multi-etniske og elektroniske slaginstrument. Han arbeider frilans med jazz og etnisk musikk i Oslo, og speler m.a. med Trio de Janeiro, Katia Cardenal og Ingor Antte Ailu Gaup.
 


CD-utgjevingar:

Kraaka (Grappa/Heilo)HCD 7155
 

Konsertreferansar:

Norrsken i Falun/SVERIGE febr. ´00, Smuget/NORGE, Roznov/TSJEKKIA, Bø jazzklubb/NORGE, Grenland Jazzforum/NORGE, Halvbror til reven NRK2, "Folkemusikktimen", video av Kraaka NRK Møre og Romsdal, NRK1 Ettermiddags-TV


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk