- Me er særs nøgde med påmeldinga,  seier tevlingsleiar Jorund Brynhildsvold på Røros.

Påmeldinga syner ein liten nedgang frå rekordåret på Otta i fjor på kring 50 deltakarar, men samstundes 70-80 fleire deltakarar enn Landskappleikane i 2010 og 2011. Lagspel senior og lagdans senior er dei største klassene både i tal på deltakarar og talet på startnummer med 27 lag i kvar klasse. Den største solistklassa er vokal klasse B med 27 deltakarar. Kongepokalklassa spel fele kl. A har 18 deltakarar og kvaliteten på utøvarane her er skyhøg.

Endringar i tevlingsprogrammet

Etter påmeldinga vart det nokre små endringar i tevlingsprogrammet. For det meste dreiar det seg om justeringar på 1-2 timar, men størst endring er i dans fele kl. A som er flytta frå fredag til laurdag.

- Som tevlingsleiar har det vore veldig spennande å fylgje med på påmeldinga og sjå om dei førebelse tidsplanane me har satt opp ut i frå eit forventa tal på deltakarar ville halde. Det har vorte nokre små justeringar i høve klokkeslett, og me laut flytte dans fele kl.A frå fredag til laurdag, men stort sett så ser det ut til at me har truffe bra. No gler me oss til at tevlingane startar, seier Brynhildsvold.

Tidlegare ute

FolkOrg er òg veldig nøgde med påmeldinga. Både det totale talet på deltakarar og representasjon frå ulike distrikt er veldig bra.

- Me kunne nok ha tenkt oss endå fleire i nokre av c- og juniorklassane og i nokre av klassane for eldre folkemusikkinstrument, men slik vart det ikkje i år, seier Rannveig Djønne i FolkOrg.

- Elles så må eg få lov til å skryta av kappleiksdeltakarane som har meldt seg på. Påmeldingsrunda har gått usedvanleg greitt. Gradert påmeldingsavgift gjorde nok sitt til at mange var tidlegare ute enn normalt med påmeldinga, og påmeldingsfristen ser det ut til at dei aller fleste har fått med seg.

- Alt dette gjer at me kan leggje ut startlistene tidlegare og får betre tid til kvalitetssjekk før listene går i trykken, avsluttar Djønne.

> Startlista for Landskappleiken 2013 (Med atterhald om endringar)
> Revidert tevlingsprogram for Landskappleiken 2013

 

For kommentarar til startlista og tevlingsprogram ta kontakt med Rannveig Djønne. E-post: rannveig@folkemusikk.no

www.landskappleiken.no vert det oppdatert jamnleg med informasjon om årets kappleik