Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fjøgl

fjogl3

Unni Løvlid: Vokal, Liv Merete Kroken, hardingfele, fele og vokal, Sigrid Moldestad, hardingfele, fele og vokal.
I ein herleg folkemusikk-cabaret der stilett og stev lett let seg kombinere, møter publikum tre kvinner som kvar for seg har nådd A-klassen i norsk folkemusikk.
Eit stykke nede under bokstaven f i ordboka til Ivar Aasen, finn du ordet Fjøgl, som i følgje Aasen sjølv betyr glitter, stas og fjas. Sigrid Moldestad, Unni Løvlid og Liv Merete Kroken tykte det passa bra og har sidan starten i 1999 nådd stadig fleire med sin musikk og sine små sceniske historier. "Vi står godt planta i vår eigen nordfjord-tradisjon, men sidan vi gjer det, kan vi også til ei viss grad fri oss frå den, og slik når vi eit breiare publikum."
Det har dei gjort bl.a gjennom cabareten/forestillinga To Feler og Ein Diva som hadde premiere på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2001. Tore Nysæther hadde regien på denne som har vore på turne rundt om i Norge hausten 2001.
Med kappleikar som rettesnor, og utdanning frå Norges Musikkhøgskole og Ole Bull Akademiet representerer dei kvalitet innanfor musikk-sjangeren.
Det handlar om å fortelje historier, og Fjøgl gjer det både gjennom musikken sin og gjennom dei små historiene dei formidlar med humor såvel som alvor.



| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk