Arrangementet vart i si tid starta som ein erstatning for Brekkendagan, som første gongen gjennomførdes på Vauldalen i 1979. VM i Rørospols har no vorte ein årleg festival i polsens Mekka.

Ved å arrangere ein verdsmeisterskap i rørospols, håpar arrangørane på å lokke dansarar frå fjern og nær. Dei ynskjer velkomen til alle som likar å danse pols.

Det heile startar opp med konsert i kveld med Tron Steffen Westberg og Jørgen Nyrønning og fortset utover kvelden med dans til Brekken spellmannslag, Grenselaget, Småviltlaget og Søndre Trondhjems spellmannslag. Laurdagen gjeng med til kurs i rørospols for både dansarar og musikarar, middagsdans, sjølve konkurransen og sjølvsagt dans på kvelden til lokale musikarar (Alvdal spellmannslag, Dalakopa og Glåmos spellmannslag).

Vil du melde deg på konkurransen? Ta kontakt med Mari Eggen (tlf: 452 00 504, e-post: marieggen@roros.net)

Her finn du meir informasjon om arrangementet