Endeleg vert det soloistiske slåttespelet teke på alvor av NRK, når dei no etablerer dei den digitale radiokanalen NRK Alltid hardingfele. Kanalen meiner dei har eit særskild ansvar for det nasjonale slåttespelet, og at det er noko dei vil ta på alvor.  

 
- Det solistiske slåttespelet har lenge fått  liten plass i NRK sine kanalar. Dette er det på tide å gjere noko me. Difor vil me no etablere ein eigen digital kanal for solo hardingfelespel, heiter det i pressemeldinga.
 
Vidare ønskjer NRK å spele på entusiasmen for slåttespelet.  
 
- Hardingfele er i vinden for tida, og me vil spele vidare på entusiasmen i kjølvatnet av mellom anna spellemannsprisen til Ottar Kåsa. Me har også over lengre tid merka oss eit sterkt ønskje frå lyttarene om meir fokus på hardingfele, heiter det. 
 
Dei håpar kanalen kan vere med med på å auke rekrutteringa til hardingfelespelet, og at det kan føre til større etterspurnad etter slåttespel generelt. Dessutan håper NRK at etableringa fører til at telefonstormen mot kanalen skal stilne, heiter det. 
 
Den nye kanalen skal utelukkande spele musikk med utøvarar på solo hardingfele. Det vil bli særskilt lagt vekt på utøvarar frå Telemark, Agder, Hordaland, Buskerud og Valdres. Det vil også verte enkelte innslag av spel frå Sogn og Fjordane. Og kanalen reklamerar for fullstendig trekkspelfri sone. 
 
Kanalen vurderer også å etablere kanalen alltid Langeleik, men interessa har førebels vore noko låg. 
 
NRK Alltid hardingfele blir lansert under Landskappleiken på Røros i sommar.