Nær ein prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) blir brukt til kultur i 2013. Rekna om i kroner er det ein stad rundt 10 milliardar. Også kommunane og fylkeskommunane brukar i 2013 like mykje pengar på kultur som det staten gjer.

Det blir mykje kultur av alle milliardane. Men er vi nøgde? Blir pengane brukte på rett måte? Folkemusikk-Noreg var aldri ein budsjettvinnar under dei raud-grøne. Ser vi bort frå etableringa av Riksscenen i Oslo, har direkteoverføringane til folkemusikkinstitusjonane vore stabilt låge – lenge, med nokre unnatak: Ole Bull Akademiet fekk ein million friske, årlege kroner til instrumentutdanning. Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans og Folkemusikk i Nord har båe fått auka grunnfinansieringa si. Men så har det også vore val, då.

folkemusikk_logo_sort_smal_250x65.pngTrass i den raud-grøne pengeflaumen: Stortingsvalet i år sende dei raud-grøne på dør, og dei blir i desse dagar erstatta av Erna, Siv og nokre til. Kanskje er det heilt greitt? Kanskje finst det andre måtar å fordele kulturpengane på? Kulturløftet 1 og 2 har òg fått kritikk for både å vera vilkårlege, lite konkrete og einsidig instrumentelle, som middel for andre mål. Korleis kan den nye regjeringa styrke kulturlivet og folkemusikken på andre og nye måtar? Her er fire ønske.

Kulturskulane er ein av dei største kulturinstitusjonane i landet, med ikring 120 000 elevar. Mange rekruttar til folkemusikken får undervisinga si her, men langt frå alle kommunar har tilbod innanfor folkemusikk og -dans. I dag er kulturskulane prisgjevne initiativ frå det lokale folkemusikkmiljøet: at personar frå miljøet stiller opp som lærarar eller bidreg på anna vis. Folkemusikksatsinga er tilfeldig og sårbar, og lite føreseieleg. Men folkekulturen står i ei særstilling. Staten har eit særleg ansvar for å sikre at kulturuttrykk vi er åleine om å forvalte, blir vidareførte i framtida. Kjære Erna: Kva plass og rolle skal folkemusikken og folkekulturen ha i kulturskulen?

Staten er den største garantisten for smale og ikkje-kommersielle kunstuttrykk. Slik skal det også vera. Men fleire vil vera med og bidra. Ideen om ei gåveforsterkingsordning er ein måte å invitere fleire, andre aktørar til å bidra økonomisk til kulturlivet. Ei krone frå det private løyser ut same beløpet frå det offentlege. Ubrukte, potensielle bidragsytarar er ressursar som kulturlivet treng. La oss ta i bruk alle pengane. Offentlege – og private.

«Kanskje finst det andre måtar å fordele kulturpengane på?»

Kommunane er viktige premissgjevarar for lokalt kulturliv, men kampen om dei kommunale kronene er hard. Kven vil prioritere kultur når gamleheimane er fulle av mugg? I 2011 vart 3,9 % av dei samla driftsutgiftene i kommunane brukte på kultur. Dette er 0,5 % mindre enn året før, og tidlegare år. Mesteparten av kulturkronene går til idrett, veit vi, eller til bygging av større kulturinstitusjonar. Kulturlova, innført i 2005, legg i dag inga føring for korleis kommunane skal prioritere kultur. Den nye regjeringa må vurdere å utvide og presisere kulturlova slik at ho gjev ei reell sikring og prioritering av kulturtilbodet i kommunane.

Førdefestivalen er den einaste folkemusikkfestivalen med knutepunktstatus. Ordninga gjev stabile overføringar frå Kulturdepartementet, men òg forpliktingar: Knutepunktfestivalane skal mellom anna drive kompetanse- og kunnskapsbygging innanfor sine sjangrar. I 2012 mottok Førdefestivalen nær 5 millionar kroner frå staten. Hensikta er sikkert god, men spørsmålet er om ordninga bidreg til å styrke kompetansen til dei andre festivalane i særleg grad. Eit seminar hist og her, arrangert av Førdefestivalen, rettferdiggjer ikkje knutepunktmidlane åleine. Ordninga er i dag ei massiv konkurransevriding til fordel for utvalde festivalar. Den blå-grøne regjeringa bør difor revurdere knutepunktordninga og i staden fordele festivalmidlane etter andre kriterium.

Denne artikkelen vart publisert i utgåve 04/13 av bladet Folkemusikk