Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Djønne, Rannveig

Foto | Knut Utler

Foto | Knut Utler

Toradarspelar frå Hardanger

Rannveig Djønne frå Hardanger er ein av dei særs få i landet som lever av å spele toradar. Ho tek oppdrag som solist og i dei ulike gruppene ho spelar i. Etter å ha spelt durspel i 25 år kom Rannveig Djønne med sin debutcd; Spelferd heim, slåttar frå Hardanger og Voss på durspel. Utgjevinga førte til eit skikkeleg gjennombrot for Djønne som nyskapande durspelar med slåttetradisjonar frå Hardanger og Voss som eit solid fundament. Spelferd heim har fått glimrande anmeldingar med superlativer som vakkert, melodiøst, nyskapande, ein moden debut og eit meisterverk, og vert omtala som ei av dei viktigaste durspelplatene som er gjeve ut dei siste tiåra. Salstala er særs gode. Den kom på topp 10 lista til Aftenposten over folkemusikkutgjevingar i 2009.

 

Diskografi


2008: "Spelferd heim - slåttar frå Hardanger og Voss på durspel". Djønno Records

 

Prisar / nominasjonar


Nominert til Folkelarmprisen i 2009 i kategorien "Gamaldans/Tradisjonalist"


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk