– Eg har tenkt på dette i mange år. Dei første notenedteikningane etter Olav Sande kom til meg for seks år sidan, fortel Storli, som sidan då har pløgd seg gjennom stoffet og funne nye versetekstar å setje til nedteikningane. 

Olav Sande (1850–1927) samla inn mange folkesongar og balladar i Hardanger og skreiv melodiane ned på notar. Men i mange av innsamlingane er det berre eitt vers. For å få ei heil historie har Storli leita opp tekstar Jørgen Moe samla inn i Hardanger, og ho har oppsøkt balladearkivet. 

– Det var nok den største jobben. Eg plukka vers frå ulike versjonar. Slik kan ein nesten velje ending på balladane sjølv, seier Lajla Renate Buer Storli. 

"Eg har hatt vanvitige møte med historiene."

Tekstane på «Møya som drøymde» er dramatiske. Det er kjærleik, sorg, glede, prinsesser og kongar. 

– Det er forteljingar med både mørker og lys, der anten det mørke eller det lyse vinn. Men uansett korleis det endar, føler eg at sjølve musikken heilar endingane. Det kan vere forferdelege endingar, men det gjer ingenting når musikken er så fin, seier Storli. 

– Eg har hatt vanvitige møte med historiene, og eg er oppteken av å synge dei rett ut utan å fordømme det som kjem. 

24_Lajla_Renate_Buer_Foto_Vannebo (3).jpg

Siste innspurt på utgjevinga i studioet til Audun Strype. Foto: Marthe Amanda Vannebo

Utanom Lajla Renate Buer Storli sjølv er Knut Hamre, Stein Villa, Kristen Bråten Berg og Kim André Rysstad med på plata. Mannen til Storli, John Ole Morken, har produsert plata saman med Kirsten Bråten Berg. 

I tillegg til å trekkje fram mindre kjende folkesongar og balladar har Storli saman med Morken valt ut korte slåttar frå Hardanger som ikkje har vore innspelt tidlegare. Det er både Storli og Knut Hamre som spelar slåttane på hardingfele. 

– I nokre av dei lange balladane kjem slåttane som kvilepause i dei lange forteljingane. Dei er musikalske dikt, seier Storli. 

Tittelsporet på plata er personleg. Teksten på balladen om den drøymande møya handlar om ei møy som får tydd draumane sine, og som får vite at ho skal bli dronning av Noreg. 

– Eg føler meg litt som ei møy som drøymer sjølv, seier Storli. 

– Det har vore ein lang prosess å gje ut noko, og det er tøft å skulle realisere seg sjølv på denne måten. Men Kirsten dytta på meg, og ho ringde til Grappa. Eg har drøymt om dette. Og så kom vel Kirsten og tydde draumen min, smiler debutanten. 
 

24_Lajla_Renate_Buer_Foto_Vannebo (5).jpg

Lajla Renate Buer Storli og produsent John Ole Morken. Foto: Marthe Amanda Vannebo

Plata er spelt inn i Agatunet i Ullensvang, i ei stove frå 1250-talet. Storli kjenner lokalet godt. 

– Eg har hatt sommarjobb der i mange år og gått rundt og sunge medan eg har vaska, fortel ho. Men ein annan viktig grunn til at plata blei spelt inn akkurat i det gamle rettslokalet i Agatunet, var at platematerialet høyrde heime der.

– Det var som om balladane kom heim, seier Storli. 

Med plata ynskjer Storli at folk skal få meir kjennskap til mellomalderhistoria i Hardanger. 

– Impulsane frå fjorden gjorde nok til at mellomalderballadane ikkje blei så godt tekne vare på i Hardanger som i til dømes Setesdal og Telemark. Men eg har alltid tenkt at det må ha vore noko her òg, seier Storli, som no har funne det ho har leita etter og drøymt om. 


Denne artikkelen vart publisert i sommar-utgåva bladet Folkemusikk