Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dei beste damene

dei beste damene 2

Synnøve S. Bjørset, Anne Hytta og Åse Teigland går saman om konserten Dei Beste Damene - ein hardingfelekonsert.

Konseptet er enkelt: Tre solistar saman på ei scene spelar slåttespel på hardingfele.

Bjørset, Teigland og Hytta høyrer til eliten av hardingfelespelarar, og har kvar sine særmerkte løysingar på kva slags stil, klang og rytmikk ein kan utvikle innan hardingfelespelet.

Dei Beste Damene vil framføre ein konsert der både likskap og skilnader mellom dei tre utøvarane kjem til syne.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk