Med stor presisjon, tolmod og innsatsvilje brøyter han veg for faget og dansen. 18. november i 2008 fekk han løn for strevet, som ny Kommandør av St. Olavs Orden.
 

- Gratulerer som kongens mann!

- Takk!

- Som danseeksperten framfor nokon: Klør det i føtene når du høyrer god dansemusikk?

- Ja, for så vidt. Det har endra seg litt med alderen, men det er alltid inspirerande å høyre god dansemusikk.

- Du jobbar dag og natt med den folkedansen. Blir du aldri lei?

- Eg har forsøkt å lære å ikkje kjede meg, det er mest alltid noko ein kan gjera. Men eg har vore oppslukt i arbeidet mitt, så å seia. Arbeidet har vore ei velsigning som gjev meg stabilitet, samanheng og kontinuitet.

- Når kjeda du deg sist, då?

- Det kan vel vera at eg kjedar meg i selskapslivet. Eg er ikkje naturleg meddelsam av meg. Eg er ikkje veldig pratsam og er på ingen måte ein selskapsmann.

Egil_bakka_fakta.jpg

- Du har arbeidd lenge og trutt med dansen sidan byrjinga av 70-talet. Kva har overraska deg mest i møte med norsk folkemusikk og folkedans?

- Eg har ofte trudd at ”slik er det”, ”dette er regelen”. Men det finst alltid eit unnatak. Det er alltid vanskeleg å generalisere. Ei positiv overrasking, får ein seie.

- Har du alltid på deg forskarbrillene i møte med folkekulturen, eller slepper du deg laus i dansen, fri for perspektiv og teori?

- Den sosiale dimensjonen har alltid vore viktig. Eg har alltid dansa for gleda sin skuld, men sjølvsagt: Eg ser verda frå min ståstad. Det er alltid vanskeleg å frigjera seg frå eigne premissar. Spørsmåla, undringa og haldningane har eg alltid med meg. Ingen dansar utan bagasje.

 

”Eg er ikkje veldig pratsam og er på ingen måte ein selskapsmann.”

 

- Å meistre dansen, er ein ting. Å diskutere han, er noko anna. Ikkje alle let seg pirke på av forståsegpåarar og analytikarar – og iblant blir det krig. Korleis har forskinga vore teken imot av folkemusikk- og dansemiljøet opp gjennom tidene, synest du?

- Stundom dreier det seg om å gje svar på det folk spør etter, og lata det dei ikkje vil vita, få liggje. Eg har prøvd å finne ut noko om korleis tradisjonsdansen i Noreg har vore, og å seia noko om korleis vi kan ta vare på noko av dette. Kanskje har eg til tider uttrykt meg som om mitt syn er det einaste rette. Kanskje miljøet har følt at eg tek frå dei sjølvråderetten over deira eigen tradisjon? Det er ikkje mi sak å styre tradisjonen, men å gi råd når folk spør. Nettopp difor har eg alltid tykt det har vore vanskeleg å stille som domar på kappleik. Det er vanskeleg å balansere forskarsyn og skjønsmessig vurdering.

- Har du opplevd fordomar på bakgrunn av arbeidet ditt?

- Nei, og det blir lett det same som å seia at folk som er usamde med meg, har fordommar. Men eg kan ta fatt i eit forenkla syn som seier at om ein studerer og noterer tradisjonsmateriale i detalj, så vil ein fryse det fast i ei form. Mitt svar er at variasjonen og improvisasjonen ligg på detaljnivå, og viss vi ikkje lærer om detaljane, så blir forma utarma. Poenget er ikkje å lære kvar detalj for seg, men å lære korleis ein kan bruke detaljane til å variere frå gong til gong når ein dansar. Godt brukt detaljkunnskap vil heller berike enn arme ut.

 

Egil Bakka. Foto Marius Back Dahle
Egil Bakka. Foto Marius Back Dahle

- Det er ikkje sjeldan ein høyrer om kor godt det stod til med folkedansen før i tida. Noko rett har dei vel?

- Folkedansen er enno ein levande realitet rundt om i landet, men breidda er i ferd med å bli borte. Det skjer forresten også i andre europeiske land. Spørsmålet vi må stille, er: Kva slags arbeidsmåtar kan vi bruke for å halde på breidda i miljøet.

- Og kva er arbeidsmåtane?

- Vi har kome til ei tid der vi treng profesjonelle folkedansarar, både pedagogar og utøvarar i tillegg til amatørane og det friviljuge apparatet. I dag har vi nordisk mastergrad i folkedans. Vi har fått ein veg, ei opning, men det er enno få som trur ein kan skape sitt eige arbeid innanfor folkedansen. Klarar vi ikkje å få folkedansarar som kan ta delar eller heile levebrødet sitt frå folkedansen, er det ein fare for at folkedansen held fram i unnabakken.

- I kva retning går sjølve forskinga på folkedansen?

- Mykje av det som har vore skrive internasjonalt dei siste 20–30 åra, har sett på kva roller dansen har spela i ulike samfunn, utan å interessere seg for sjølve dansane. Vi i Norden har likevel halde fast også på interessa for dansane, og eg håpar meir forsking etter kvart vil svinge vår veg. Personleg meiner eg dansestudia må leggje vekt på kva studentane skal sysle med etter at dei er ferdige på studiet, i sitt daglege arbeid, og då må dei også kunne arbeide med dansane og praktisk dansing.

 

”Mange seier det er så grueleg å bli eldre. Eg synest tvert om. Livet blir heller tryggare, enklare og fredelegare på så mange vis.”

 

Egil Bakka. Foto Marius Back Dahle
Egil Bakka. Foto Marius Back Dahle

- Du har så å seia bygt opp Rff-sentret i Trondheim frå botnen av, heilt sidan du byrja her i 1973. Kva slags tankar og ynske har du for sentret inn i framtida?

- Eg vonar institusjonen kan balansere mellom konkret praktisk arbeid og ein akademisk status. Ein er nøydd til å ta vare på begge disiplinane. Dei siste åra har vi nok søkt oss meir mot det akademiske. Her ligg ressursane, pengane – og statusen.

- Ja, kva slags status har danseforskinga samanlikna med andre forskingsmiljø i landet?

Danseforskinga er framleis ein bagatell og ei lita særinteresse, men vi er på veg til å etablere oss og bli synlege. Eg trur ikkje på å sutre om at verda er urettferdig og at vi er diskriminerte, det er vår eigen innsats som avgjer om vi kjem vidare, og det meiner eg vi kjem til å gjera.

 

- Rff og Rff-sentret har tidlegare fått kritikk for rolleblanding. Rådet for folkemusikk og folkedans forvaltar og fordeler offentlege pengar til ulike folkemusikktiltak. Samstundes mottek Rff-sentret offentlege pengar til eigne, konkurrerande prosjekt. Korleis har du opplevd denne kritikken?

- Det som kan kritiserast, bør kritiserast, om det blir gjort på konstruktivt vis. Problemet var vel at kritikken var strategisk, kritikarane ville rydde seg nye rom og bli synlege. Folkemusikken og folkedansen er òg eit lite felt med mange hattar fordelte på få hatteberarar. Slik eg har opplevd kritikken, har han heile vegen vore prinsipiell. Vi har fått kritikk for kva som kan skje. Eg kan ikkje minnast at kritikken har gått på kva som har skjedd. Bakgrunnen for at nettopp Rff fordeler og forvaltar offentlege pengar, botnar i praktiske løysingar. Midlane har jo aldri vore misbrukte på nokon måte. Kritikarane har iallfall ikkje trekt fram døme på det, som eg kan minnast. Men kritikk bør ein alltid ta omsyn til, iallfall lytte til.

- Korleis taklar du kritikk?

- Eg har aldri opplevd kritikken personleg. Eg er ikkje hårsår.

 

- Folkemusikkorganisasjonane Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag står framfor ei viktig oppgåve dei neste åra: Oppretting av ein ny og stor folkemusikkorganisasjon. Korleis ser du på denne prosessen?

- Dette er ein viktig og bra prosess. Den måtte koma.

- Kvifor er det så bra?

- Splittinga av Landslaget for Spelemenn i 1988 skjedde på bakgrunn av ulike synsmåtar i høve arbeidet i organisasjonen. Dei sterke meiningsskilnadene er i dag borte mellom dei yngre. Då er det berre rett og rimeleg at nye generasjonar kjem saman for å danse vidare på nytt, felles grunnlag.

- Er det egoistisk av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn å køyre prosessen åleine, no? Burde ikkje fleire partar vere involverte?

- I dag har vi ein prosess mellom desse organisasjonane. Det er viktig at dei får ordna opp internt seg imellom. På sikt treng dei vel å orientere seg breiare, iallfall på arbeidsfelt som også grip inn i arbeidsfeltet til andre lag og organisasjonar. Vi får håpe på ein synergieffekt.

 

- På tampen: Er livet ein dans?

- For meg, nett no, så. Eg har det bra. Mange seier det er så grueleg å bli eldre. Eg synest tvert om. Livet blir heller tryggare, enklare og fredelegare på så mange vis.


Dette intervjuet stod på trykk i Spelemannsbladet 01/2009, og er publisert i samband med 70-årsdagen til Egil Bakka 23. mai 2013.