Prosjektet rettar seg mot ungdom mellom 16-19 år og er ein del av den landsdekkande satsinga Bygda dansar. Målsetjinga er å løfte fram den lokale dansetradisjonen og rekruttere ungdom til eit ensemble som kan syne fram folkedansen som del av eit profesjonelt dansefelt.

Ein gyllen sjansen

Ingrid Heieren frå Jølster, og Bjørnar Blaavarp Heimdal frå Numedal, har ansvar for prosjektet. Dei er unge dyktige utøvarar med erfaring frå både folkedans, musikk og prosjektleiing.

- Eg var sjølv med i eit tilsvarande prosjekt i Sogn og Fjordane, og veit kor bra prosjektet er. Etterpå har eg tatt utdanning i folkemusikk frå akademiet i Rauland og Noregs musikkhøgskule. No ser eg fram til å nytte kunnskapen min for musikken og dansen i Telemark, smiler Heieren som er tilsett som prosjektleiar i full stilling.

Bjørnar Blaavarp Heimdal er prosjektmedarbeidar i halv stilling. Han har vore med i fleire av Frikar sine spektakulære danseoppsetjingar og reiser landet rundt som frilans dansar og dansepedagog.

– Eg har gode band til Telemark, og har jobba mykje med dans i fylket. Fleire ungdomar kjenner meg kanskje frå tidlegare skulebesøk. For dei som er interesserte i dans eller scenisk arbeid, så er prosjektet ein gyllen sjanse til å dyrke interessene sine. Det er også eit prosjekt for dei som ikkje kjenner folkedansen frå før. Berre du er litt nyfiken og klar for utfordringar kjem det til å bli ei oppleving. Det blir kanonbra, seier Heimdal.

Ikkje krav om forkunnskap

Telemark har lange og solide tradisjonar for folkemusikk og folkedans. Fylket har fleire profesjonelle utøvarar og markerar seg som eit sterkt kulturfylke.

Så snart prosjektet, Bygda dansar i Telemark, kjem skikkeleg i gang, vil det bli stor aktivitet kring om i fylket. Det skal etablerast lokale øvingsarenaer og fylkessamlingar. I starten av prosjektet vil det bli lagt vekt på opplæring og mengdetrening i folkedans. Lokale danseformer, generell danseteknikk og estetikk skal øvast inn. Alle i aldersgruppa 16-19 år kan ta del, og deltakinga er gratis. Det er ikkje krav om forkunnskap.

Som del av rekrutteringsarbeidet får vidaregåande skular i Telemark tilbod om eit introduksjonskurs i folkedans for elvane sine. Også det er gratis. Tredje og siste året skal det arbeidast fram ei stor scenisk framsyning der dansen skal vere det bærande kunstnarlege verkemiddelet. Deltakarane som vert med får jobbe med profesjonell koreograf og regissør i eit profesjonelt produksjonsmiljø. Gjennom prosjektet vil ungdom få generell kunnskap om scenisk arbeid med dans, og spesiell kunnskap om folkedans.

Musikken får ein sentral plass i prosjektet. Utan musikk, ingen dans. Ungdom som spelar folkemusikk vil få tilbod om å vere med.

– Vi ser på musikken og dansen saman. Sjølv om prosjektet er eit danseprosjekt, og undervisninga vil vere i dans og scenisk arbeid, så er musikken alltid på plass. Det er viktig for oss at spelemennene i fylket også får noko att for prosjektet. seier Heieren.

Dans som leveveg eller hobby

Frå tidlegare prosjekt kring i landet, er det ungdom som har funne vegen inn i det profesjonelle dansemiljøet. Fleire har folkedansen som basis for det profesjonelle virke sitt, mellom anna som medlemmar i Frikar og dansekompaniet Kartellet. Nokre har i tillegg vore med i større oppsetjingar på Det norske teater i Oslo og Västanå Teater i Sverige.

 – Dette syner at det er mogleg å leve av folkemusikk og folkedans, og at prosjektet er ein god start og eit springbrett inn i det profesjonelle. I tillegg er prosjektet ein stad for dei som ønskjer ein spanande hobby, og eit godt fellesskap. Ikkje alle treng å profesjonalisere seg. Vi tek imot alle som har lyst å danse uansett nivå, avsluttar Heimdal.

20. - 22. september skal prosjektet markere oppstarten med ein kick-off i Seljord. Ungdommar frå heile fylke er inviterte til Seljord og Seljordkappleiken. Fredagen vert det offisiell opning med ungdommeleg danseinnslag, og laurdag blir det ope orienteringsmøte om prosjektet for alle interesserte.

Fakta om Bygda dansar-prosjektet

  • Bygda dansar er eigd og drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret i Trondheim.
  • Prosjektet har i dag eit omfang på 3,3 mill og vert finansiert over Rff-sentret sine løyvingar frå Kulturdepartementet og bidrag frå Telemark Fylkeskommune.
  • Prosjektet samarbeider med lokale folkemusikkaktørar, lag og institusjonar, samt andre lokale og nasjonale kulturinstitusjonar.
  • Bygda dansar er landsdekkande og vert gjennomført fylkesvis. I Telemark skal prosjektet vare frå hausten 2013 til våren 2016.