Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bygdelagskoret

bygdelagskoret

Blanda kor, stifta i 1929

Koret er eit lag under Bygdelagssamskipnaden i Oslo og har for tida om lag 40 medlemmer. Koret vil gjerne halde eit høgt ambisjonsnivå som amatørkor, og har ein dyktig musikkutdanna dirigent. Songane er i hovudsak norske folkesongar, med eit utval utanlandske folkesongar og andre songar, dei fleste på nynorsk eller dialekt. Koret har dei siste 8-10 åra lagt sterkare vekt på norske folketonar, gjennom utval songar og i stemmebruk både på konsertar og seminar. Vi har hatt glea av å samarbeide med fleire musikarar og songarar i desse åra, noko som har medverka til å utvikle folketoneklangen i koret. Koret har og fått hjelp av Paul Åge Johannesen til å vidareutvikla og forbetre dramaturgien i konsertane.

 

Konsertreferansar


1999: 70-års jubileumskonsert i Lindeman-salen på Musikkhøgskolen. Samarbeid med felespelar Torgeir Leivdal. Deltaking under folkemusikkdagane på Ål, samarbeid med Framføring av Gjenta, komponert til Bygdelagskoret av Henning Sommero, tekst av Jakob Sande.

2000: Konsert på dei Nynorske Festspela ved opninga av Ivar Aasen-tunet.

2001: Julekonsert med INTI, musikarar frå Chile og Bolivia. Framføring av Misa Criolla og Navidad Nuestra, sistnevnte omsett til nynorsk av Ragnar Hovland på bestilling.

2002: Konsert i Rosendal. Konsert med Åse Sunniva Søreide i Uggdal kyrkje, konsert i Moster Amfi.

2003: Konsert ved amatørteaterfestivalen på Den norske teateret og på Lunsj & Lyrikk same stad. Samarbeid med Paul Åge Johannesen, felespelar Kenneth de Gala og Songdanslaget i BLS. Konsert i Tuddal kyrkje og Bø kyrkje. Tur til Cuba og Internasjonal korfestival i Santiago de Cuba. Samarbeid med felespelar Anne Svånaug Haugan og Songdanslaget i BLS.

2004: Konsert ved opninga av sommaruniversitetet i Universitetets Aula. 75-års jubileumskonsert i Kulturkirken Jakob i samarbeid med Paul Åge Johannesen.

2005: Konsert i Kongsberg kyrkje i samarbeid med felespelar Anne Svånaug Haugan, Svein Westad og Kongsberg Spel og dansarlag.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk