- Bygda dansar er eit av dei største og viktigaste folkedanstiltaka i Noreg i dag og rettar seg hovudsakleg til ungdom frå 16-19 år. Alle som vil får vere med, og ved at prosjektet reiser rundt på skulebesøk kan dei som ikkje har særleg kjennskap til folkedansen få prøve det ut, fortel Gro Marie Svidal som er prosjektkoordinator. Etter kvart som prosjektet rekrutterer deltakarar, flyttar vi aktiviteten ut frå skulen og over på fritida til ungdomane. 

Målsetjingane er å sikre god aktivitet innan folkedans, rekruttere og følgje opp talent og produsere danseframsyningar. Aktiviteten i kvart prosjekt er såleis mangfaldig og arbeidsoppgåvene til ein prosjektleiar inkluderer både dansefagleg arbeid, prosjektadministrasjon og marknadsføringsarbeid.

- I ein slik jobb er ingen dag heilt lik. Den eine dagen analyserer vi gamle filmopptak for å hente fram att danseformer og variantar som nesten er borte, eller vi ser på film for å få større kunnskap om dansen og dansemåten. Den neste dagen underviser vi ein gjeng sprudlande ungdomar. Arbeidet omfattar også tilrettelegging av dansar for scene og vi jobbar kreativt i saman med regissørar og koreografar, musikarar og andre i prosessen fram til f.eks ei scenisk danseframsyning. Det heile er veldig spanande, smiler Svidal.

Rff-sentret står som eigar av prosjektet, men samarbeider tett med fagpersonar og miljø i dei ulike prosjektfylka. - Telemark har eit rikt og blomstrande folkedansmiljø med utøvarar i alle aldrar. Fylket har over lang tid jobba målretta med rekruttering og aktiviteten er mange starar veldig høg. Kvart år arrangerer Telemark fylkeslag eit sommarkurs i dans og musikk for ungdom og Telemarkfestivalen i Bø er ein sentral og viktig institusjon i miljøet. Det er eit spanande geografisk fylke som strekkjer seg frå kysten og opp til fjell og vidde. Dei store kontrastane og variasjonane finn vi også igjen i dansen og musikken. Det heile skaper ei flott råme kring eit Bygda dansar prosjekt, og vi ved Rff-sentret ser fram til oppstarten i haust, seier Svidal.

I Vest-Agder er prosjektet kome halvvegs i prosjektperioden. Dei aller fleste ungdomane i fylket har møtt folkedansen ein eller fleire gongar gjennom skulebesøk. Prosjektet har også gjennomført fleire framsyningar. Fylket har eit mangfaldig danserepertoar, og fleire spanande dansar ligg og ventar på å bli trekt fram i lyset. - Det er ei stor skattekiste og ei spanande fagleg utfordring for alle som likar å arbeide med dans og musikk i ein kombinasjon mellom undervisning, forsking og formidling, avsluttar Svidal.

Her finn du stillingsutlysinga for prosjektleiarstillinga for Bygda dansar i Telemark.

Her finn du stillingsutlysinga for prosjektleiarstillinga for Bygda dansar i Vest-Agder.