Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Brokke, Sigurd

Foto | Leonhard Jansen

Foto | Leonhard Jansen

Munnharpespelar frå Valle kommune i Setesdal, fødd 1971.

Sigurd Brokke fører vidare ein tradisjonell spelestil frå Setesdal på munnharpe, men har òg utvikla personlege slåtteformer, ofte med element frå fleire kjelder. Han har i tilegg auka slåttetilfanget på dette gamle instrumentet ved å lage "nye" munnharpeslåttar basert på feletradisjonen.

Han vann munnharpeklassen på Landskappleiken i 2003 og 2004, og har vunne mange lokale kappleikar rundt omkring. Han er òg ein aktiv utøvar på konsertar og festivalar.

Sigurd Brokke vert mykje nytta som kurshaldar og lærar i munnharpespel.

Han var leiar i Setesdal spelemannslag i perioden 2001 - 2007. Og har vikariert i eitt år som dagleg leiar ved Agder Folkemusikkarkiv.

Sigurd har sidan oppstarten i 2002 vore sentral innan arbeidet med dialektinnsamlinga til nettsida www.vallemal.no.
 

Diskografi

2012:  Sigurd Brokke: Munnharpe (Etnisk musikklubb EM 91)
2009:  Daniel Sandén-Warg / Sigurd Brokke: Rammeslag II (Etnisk musikklubb EM 49)
2007:  Daniel Sandén-Warg / Sigurd Brokke: Rammeslag (Etnisk musikklubb EM 29)


Medverkande

2007:  Fille-Vern - gamle og nye mestre i norsk munnharpetradisjon (Ta:lik)
2005:  4th. International Jew's Harp Festival (Heilo)


Prisar / stipend

Nominert til Folkelarmprisen 2012 for "Munnharpe"
Nominert til Spellemannsprisen 2009 for "Rammeslag II"
Folkelarmprisen 2009, i klassa ”Solo”, for plata ”Rammeslag II”
Folkelarmprisen 2007, i klassa ”Solo”, for plata ”Rammeslag”
Aust-Agder fylkes kulturstipend 2003


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk