Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Brimi, Aslak Opsahl

Aslak Brimi_framside

Felespelar født 1983 , og oppvokst i Garmo i Lom.

Aslak er født inn i ein folkemusikkfamilie, og både far Rolv og bestefar Hans W. spelte fele. Aslak starta med felespel hjå far sin som 8-9 åring, og fekk etterkvart Bjørn Odde som læremeister.

Aslak har studert folkemusikk ved Høgskulen i Telemark, Raulandsakademiet, og har seinare studert realfag i Trondheim. I 2008 var han ferdig som student, med master i kjemi, og flytta sørover til austlandet.

Det er slåttetradisjonen i Ottadalen som er musikken til Aslak, og det er det som kjem fram på debutplata "Blå september" fra 2006. Det er og særs viktig for han å vidareføre musikken og spelestilen som bestefaren Hans W. Brimi stod for. I mai 2009 kom Aslak, sammen med spelevenen Erlend Viken, ut med plata "DUO", ei plate som hausta gode kritikkar i fleire aviser.

Etter at Aslak starta å stille på kappleikar i 1999, har han fleire gode plasseringar å vise til. Han vann C-klassa på fele på Rauland i 2001, og B-klassa på Gjøvik året etter. I A-klassedebuten i Eidfjord 2004 kom han til finalespelet, og vart til slutt nr 2. På Beitostølen i 2006 vann han A-klassa. I 2007 vann hann Fanitullkåringa under folkemusikkveka på Ål, samt A-klassa på landskappleiken på Geilo.

 

Diskografi

Folkelarm 2009, (promo), Diverse artister, (NORCD 2009)
Aslak O. Brimi & Erlend Viken, "DUO" (ta:lik 2009)
Aslak Opsahl Brimi & Hans W. Brimi - ”Blå september” (ta:lik 2006)


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk