Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bratland, Sondre

Sondre Bratland

Kvedar frå Edland

Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som vår fremste mannlege folkesongar.

Dette har han gjort gjennom innsamling, undervisning, konsertar og plateutgjevingar.

Han har gitt ut 11 soloalbum og medverka på 25 andre album. Hans plateselskap gjennom alle desse åra har vore Kirkelig Kulturverksted. Kyrkjeromet er hans viktigaste arena, og han har halde konsertar i om lag 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør, til Finnmark i nord.

Religiøs folkesong er hans spesialområde, men elles spenner hans uttrykk frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangerar og såleis gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum. Saman med organisten Iver Kleive har han skapt ein ny sjanger innan norsk salmesong, og saman med dirigenten Grete Pedersen skapt nye songuttrykk i norsk kortradisjon.

Som songlærar har han hatt svært mange elevar, og har halde fleire kurs i folkesong. Han var leiar for folkekulturstudiet ved Høgskolen i Telemark på Rauland i 5 år, og var med og starta opp «Kvedarskulen» på Ole Bull-Akademiet på Voss. Frå 1997 er han statsstipendiat og folkesongar på heiltid.

 

Diskografi


1982:Pilegrimens Sangbog 1982, Spellemannspris
1983: Den blå gleda, Nominert til Spellemannspris
1988: Inn i draumen, Samarbeid med Steinar Ofsdal, Leiv Solberg og Iver Kleive
1990: Mysteriet, i samarbeid med Nils Petter Molvær og Gunnar Andreas Berg
1992: Kjeldevatn, Nominert til Spellemannspris
1992: Rosa frå Betlehem, Innspelt i Betlehem med Knut Reiersrud, Paolo Vinaccia, Iver Kleive og Suheil Khoury.
Seld ca 60 000 eks.
1994: Gjest i verda
1996: Atterklang, Med Knut Reiersrud, Hans Fredrik Jacobsen, Henning Sommero, Einar Mjølsnes, Paolo Vinaccia, Jørun Bøgeberg, Jigme Drukpa og Oslo Kammerkor. Nominert til Spellemannspris.
1999: Kvilestein
2005: Syng meg heim
2006: Dialogue

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk