Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Brabant, Øyvind

brabant

Som tradisjonsberar og læremeister har Øyvind Brabant gjennom 20 år vært sentral for opplæring og vidareføring av hallingtradisjonen m.a. gjennom sitt arbeid som timelærar i kommunale kultur- og musikkskular. Som utøvande kunstnar og spelemann på høgt nivå har han utmerkt seg på fleire vis. Han er ein av våre fremste spelemenn på hardingfele, omtykt både som konsertspelemann og danse-spelemann. Med innspelinga "Vrengja" (1999) dokumenterer han lite brukte slåttar med sin reine, klåre og spenstige spelestil. Dei kunstnarlege prestasjonane held svært høg kvalitet, og han er eit godt føredøme for yngre spelemenn. Han ber med seg eit stort slåtterepertoar med utgangspunkt i halling-tradisjonen, og han har ei medveten og aktiv haldning til måten tradisjonane best kan førast vidare på. Øyvind er landskappleikvinnar og har elles gått til topps på ei rekkje lokale, fylkes og regionale kappleikar. I tillegg har han vore på konsertturnear m.a. i Sovjet, Jugoslavia, Finland og Frankrike.
 


Diskografi

1999 Vrengja (heilo)


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk