I går opna den nystarta festivalen BRÅTT sine fyrste konsertar. Og konseptet er noko litt utanom det vanlege. I løpet av denne veka vert ein heil del konsertar og kurs der enkeltpersonar, skule, barnehagar, omsorgssenter og bedrifter i bygda får ein musikar eller ein forteljar på vitjing.

Folkesongaren Unni Løvlid er ildsjela og initiativtakar til festivalen. Til NRK Sogn og Fjordane fortel ho at likar at ting skjer brått, og at prosjektet med ”heime hos”-konsertar er i hennar ånd. 

Unni Løvlid
Unni Løvlid - intitativtakar bak festivalen BRÅTT.. Foto: Geir Dokken

– Då ønskjer vi å nå dei som vanlegvis ikkje orkar å reise på ein konsert. I staden for at dei ikkje får tilgong på desse tilboda, så kjem vi inn i heimen til folk og lagar lagar kulturopplevingar i folk sin kvardag.

- Kvar musikar skal og ha med seg vaffeljern og vaffelrøre, kaffi og godt humør. Tanken min er at alle stader og alle heimar kan vere eit kulturhus, fortel Løvlid til NRK og Sogn og Fjordane.

BRÅTT held på fram til og med sundag, og i tillegg til ”heime hos”-konsertane vert det også offentlege forteljarstunder og konsertar. 

Program for BRÅTT 2013


Onsdag 11.sept 
Hanne Oftedal, prinsesseforteljingar for heile familien
Smia, Hornindal bibliotek 

Linda Gytri, Kristoffer Kleiveland
Smia, Hornindal bibliotek

Torsdag 12.sept kl 20.00
Susanne Lundeng
Anders Svor Museum, 

Laurdag 14.sept
Britt Pernille Frøholm, hardingfele
Sigurd Ytre-Arne, elektronikk
Anders Svor Museum kl21.00


> Følg BRÅTT på Facebook