Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bolstad, Trygve

trygvebolstad

Spelemann født 1943 i Øystre Slidre, busett i Hedalen i Valdres.

Trygve Bolstad er solospelemann og er og har vore ein viktig læremeister for unge spelemenn i Valdres. Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder har vore faren Knut Bolstad, onklane Ingvar og Magnus Daleng, Torleiv Bolstad, Ola Bøe og Andris Dahle. Slåtterepertoaret er stort, og Trygve Bolstad lagar også nye slåtter. På soloutgjevinga, Aleis, spelar han nokre av desse. Arbeidde som instruktør, arkivansvarleg og sekretær for Folkemusikknemnda for Valdres frå 1980. I 1988 vart han distriktsmusikar, som ein av dei fyrste i landet, då denne ordninga starta opp i Valdres. Er framleis aktiv som lærar og spelemann, i tillegg til å vere gardbrukar. Trygve Bolstad hadde Statens arbeidsstipend for kunstnarar frå 2004 - 2006.
 

Diskografi

2004 Aleis (ta:lik)
2003 Laget for Folkemusikk 100 år, med div. artistar (ta:lik)
Vårflaumen, med div artistar (Heilo)

1995 Danselæte frå Øystre Slidre, med div artistar (Heilo)


Priser

1993 Halldor Røynes ærespris
 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk