Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Boksasp og Jones Duo

Foto: Ola K. Berge

Foto: Ola K. Berge

Unni Boksasp og Adrian Jones møttest hausten 1999 på folkemusikkutdanninga ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Det vart eit møte mellom ein tradisjonell, norsk kvedar med føtene godt planta i songtradisjonane på Nordmøre og ein svensk dalaspelmann med bakgrunn i både folkemusikk og klassisk musikk. Musikken i Boksasp og Jones Duo er prega av at begge er komfortable i sine eigne tradisjonar. Nettopp difor tør dei å eksperimentere med musikken sin. Dei set materialet inn i nye musikalske kontekstar, improviserer og leiker seg fra til sitt eige uttrykk. Tradisjonelle bånsullar frå Nordmøre i ny innpakning, gangar frå Telemark med svensk stemmespel og balladar i arrangert form. På repertoarlista har dei også eigen nykomponert musikk og nyskrivne songtekstar. Begge er glade i den eldre tonaliteten, og stiler mot eit alderdomleg klangbilete både som solistar og i duo. Duoformatet med song og fele/bratsj er i folkemusikksamanheng spennande, og måten B&J Duo gjer det på er aldri så lite nyskapande.

Konsertreferansar

LÅT!-festivalen i Stockholm, konsertar på Kungliga Musikhögskolan i Stockholm.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk