Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bø juniorspelemannslag

bojunior

I snart 20 år har Bø juniorspelemannslag rekruttert inn i og ført den rike tradisjonen vidare gjennom lokal opplæring og regionalt samarbeid om vidareføring og framføring av folkemusikk, både nasjonalt og internasjonalt.

Bø er nasjonalt og internasjonal kjent for sine rike og allsidige folkemusikktradisjonar. Kommunevåpenet med dei tre felene refererer seg spesielt til det omfattande hardingfelemiljøet i Bø, med spelemenn og -kvinner mellom dei fremste i landet i mange generasjonar.

Kappleikar, konsertar og festivalar er sentrale framføringsarenaer for medlemmer av laget, enkeltvis, gruppevis og som lag.

Konsertreferansar:

Innanlands: Laget har hatt eigne konsertar knytt til Vårlengtkappleiken, Bøkappleiken og Telemarksfestivalen. I tillegg kjem ei rad innanlandskonsertar som enkeltmedlemmer og grupper i laget har hatt eller tatt del i.
Utanlands: Laget var på eigne konsertturnéar i USA i 1996 og 2002, Island 2002 og Irland 2004. I tillegg kjem turnéar og enkeltkonsertar utanlands som medlemmer og grupper frå laget har halde.


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk