Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bjørn Turtums Gammeldansorkester

Bjørn Turtums gamaldansorkester

Bjørn Turtums Gammeldansorkester frå Lom, Vågå og Sør-Fron i Gudbrandsdalen, er kjende for si gode dansetakt og den gode driven i musikken sin, og for at orkestermedlemmane gjev alt på scena.

Orkesteret har, på bakgrunn av dette, opparbeida seg ei stor tilhengerskare av dansarar over heile Norge og spelar mykje til dans, spesielt på austlandet og på vestlandet. Gruppa har også hevda seg bra i nasjonale tevlingar innanfor gamaldanssjangeren og har gått til topps både på Landsfestivalen og på Titanofestivalen, i tillegg til at dei har vore med i tevlinga Kappspell som gjekk på NRK1. Dei har også vore spelt mykje i radioen. Musikken dei spelar er tradisjonell gamaldans, ikkje berre frå Gudbrandsdalen, men og frå Vestlandet, Trøndelag og Sverige.

Besetning

Tor Arne Sandviken
Kolbein Kjørren
Stig Rune Byrøygard
Asbjørn Stensrud
Bjørn Turtum.

Eksempel på dansearrangøreferansar:

Hotell Alexandra i Loen Dansefestivalen på Sel
Gamaldansgallaen i Naustdalen
Gamaldansgallaen i Vågå

Diskografi

1982 Dans på Sagholkveen
1992 Gåmålt og nytt
1994 Nytt frå bygdom
2007 Bukkeball - LIVeAT I BØVERDALEN


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk