Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Berg, Kirsten Bråten

berg_kirsten_braten

Folkesongar og sylvsmed, født 1950 i Arendal, busett i Setesdal sidan 1973.

Kirsten Bråten Berg er ein av landets aller viktigaste tradisjonsberarar av vokal folkemusikk. Ho har også brukt tradisjonsmusikken i nye samanhenger, til dømes i samarbeidet med jazzmusikaren Arild Andersen, og i prosjektet Frå Senegal til Setesdal. Ho er høgt dekorera, i 2005 blei ho slått til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St Olavs Orden.

Ho starta sitt samarbeid med andre musikarar i gruppa Slinkombas (1978-1982). Gruppas første utgjeving fekk spellemannpris. Av medlemmene i Slinkombas er det særleg Hallvard T. Bjørgum ho har samarbeida med i åra etterpå. Dei har gjeve ut fleire plater saman. Første soloplate Kirsten Bråten Berg kom i 1980, sidan har ho kome med soloutgjevingane Min kvedarlund, som og fekk spellemannpris, og Syng du mi røyst. Ho er kvalifisert til eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken, og vunne Landskappleiken to gonger, ein av desse gongene fekk ho Kongepokal for prestasjonen. Ved sidan av utstrakt utøvande verksemd, og drift av eigen sylvsmie, har Kirsten Bråten Berg vore pedagog, tilknytt kulturskulen i heimkommunen, og dei store musikkinstitusjonane i Noreg.

Ho har og vore kulturpolitisk engasjert, og sitte i Kulturrådet (1992-1996) og i styret til Rikskonsertane (frå 2000). Hausten 2005 var ho med i Tryllefløyten – ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom)som hadde premiere på den norske Opera. Stykket blei sett opp på rundt førti scener i Noreg og Sverige, og er Rikskonsertanes største satsing nokon sinne. Same år kom ho med plata Stemmenes skygge, saman med mangeårige samarbeidspartnarar Lena Willemark og Marilyn Mazur. Stemmenes skygge blei uroppført under Molde jazzfestival 2000. Ho arbeider for tida med boka Stev for Dagen (365 stev frå Setesdal), og ny solo CD.


Diskografi

2007 Stev for dagen (Heilo)
2005 Stemmenes skygge (Heilo/ Grappa)
2000 Syng du mi røyst (Grappa)
1999 Smak av himmel, spor av jord (Grappa)
1997 Frå Setesdal til Senegal (Heilo/ Grappa
1996 Pilegrimen (Grappa) 
1993 Suedé et Norvége (Ocora)
1993 Arv (Kirkelig kulturverksted)
1993 Våre beste barnesanger (GrappaMusic)
1993 Cohen på norsk (Kirkelig kulturverksted)
1992 Sagn (Kirkelig kulturverksted)
1991 Juletid (BMG)
1988 Min kvedarlund (Heilo)
1984 SetesDalarne
1982 Slinkombas og bas igjen (Heilo)
1980 Kirsten Bråten Berg (Heilo)
1979 Slinkombas (Heilo)
 
Medverkande
Bjørn Ståbi (Amigo, 1987)
Rammeslåtten (Heilo, 1987) med Gunnar Stubseid og Ale Møller
Kjekt å ha (Spinner Records, 1989) med Øystein Sunde
Religiøse folketoner (1989) med Brocmann/Halstensen
Tour de Force (Norsk Plateproduksjon,1992) med Ole Edvard Antonsen
Ridin on the blind (Grappa,1993) med Danco, Fjeld og Andersen
Domen (Brazz Records, 1998) med Jan Magne Førde
Stolpesko (Wea/Frelsesarmeen, 2002) Frelsesarmeens juleplate
 
 

Priser

Spellemannprisen for plata Slinkombas (1979)
Aust Agder fylke sin kulturpris (1982)
Spellemannprisen for plata Min kvedarlund (1988)
Rolf Gammelengprisen (1992)
Sagaprisen (1992)
Siliusprisen frå Fædrelandsvennen (1993)
Spellemannpris for plata Våre beste barnesanger (1993)
Radka Toneffs minnepris (1997)
Rffs ærespris (2001)
Polarstjerneordenen, familien Doblaugh (2004)
Heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn (2005)
Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St Olavs Orden for innsats som kunstner og kulturformidler (2005)
Aust-Agder fylkeskommunes kulturstipend (2006)

 

Biografien er produsert av Norsk Folkemusikkformidling

 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk