Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2013, og er på kr.10.000,-. Kappleiken finn stad i Førde 11.- 13. oktober 2013.. Frist for innsending av forslag er 23. september 2013.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen

E-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2013”.

 

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/