Serien Norsk folkemusikk vart opphaveleg gjeven ut på 78-plater, EP-ar og LPar i åra 1953–1974. All musikken er henta frå folkemusikkarkivet i NRK. Frå 1969 til 1974 vart serien avslutta med 22 LP-plater. Noko av dette var nyinnspelingar, og resten var frå tidlegare utgjevingar i serien.

Platene har ikkje vore å oppdrive på fleire ti-år, men serien har blitt ståande som eit referanseverk i norsk folkemusikk. Det er derfor på høg tid at han no blir gitt ut på nytt. Det meiner også Norsk Kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans, som har gjort utgjevinga mogleg.

Nyutgjevinga er supplert med ein DVD med opptak av utøvarar som var med i serien. Dette er den første DVDen med norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv. Over 80 utøvarar er med i CD-samlinga. Om lag halvparten av dei møter du på DVDen. Arkivklippa er henta frå 30 ulike program og seriar, over ein periode på 50 år.

International Folk Music Council (IFMC) vart skipa i 1947. NRK vart med i denne organisasjonen. Då Rolf Myklebust vart tilsett som programsekretær og leiar for Folkemusikkavdelinga i NRK i 1952, deltok han same året på møtet i IFMC. Under konferansen vart det vedteke å gje ut ein katalog over folkemusikk som fanst på grammofonplater verda rundt. Myklebust kom heim frå konferansen og syntest det var pinleg at Norge hadde lite utgjevingar av norsk folkemusikk. Rolf Myklebust skriv om dette i boka si «50 år med folkemusikk»:

"Vi var i ein pinleg situasjon. Berre nokre få gamle plater med norsk folkemusikk var i handelen. Det hadde vore ei skam for Noreg om ikkje landet vart skikkeleg representert i den internasjonale katalogen. Kringkastingssjef Fostervoll gav ordre om straks å finne eit grammofonselskap som ville ta på seg utgjevinga i samarbeid med NRK, som skulle stå for utvalet og innspelingane. Eg gjorde framlegg om å gje ut 22 såkalla 78-plater i første omgang."

"Sjefssekretær Olav Lid ringde til dei ulike grammofonselskapa i von om å få ordna dette. Det var nær på fiasko, men eitt selskap gjekk med på å ta risikoen med å gje ut norsk folkemusikk på plater."

Det var A/S Nera, seinare A/S Disco, som tok på seg oppgåva. I 1953 kom dei første 78" platene i ein serie på 22.

I 1958 gjekk ein over til EP-plater og det kom ut 55 av desse. I 1969 kom den første av 22 LP-plater. 14 av desse var overføring frå serien med EP-plater. Resten var nyinnspelingar. Opptaka var gjort i NRK i Oslo og på enkelte av distriktskontora, heime hjå utøvarane eller i ulike lokale kring i landet».

Det skulle gå nær 50 år frå avtalen med Nera til NRK inngjekk ei ny samarbeidsavtale. Denne gongen med det Valdres-baserte plateselskapet ta:lik, som allereie hadde gjeve ut fleire produksjonar frå NRKs folkemusikkarkiv.

Våren 2005 kom den første utgjevinga i det nye samarbeidet, ein dobbelt CD med spelemannen Odd Bakkerud (1931–1989). Ei fullstendig oversikt over utgjevingar er å finne på plateselskapet sine nettsider. Arbeidet med å planleggje nyutgjeving av Norsk folkemusikk starta allereie hausten 2005. Å gje ut serien på nytt hadde ikkje vore mogeleg utan økonomisk støtte. Heldigvis såg både Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans verdien av dette arbeidet.
 
- I november 2008 kunne vi markere 100-årsdagen til Rolf Myklebust (1908–1990) med lansering av dei fyrste CDane i serien som han opprinneleg stod bak, seier Frode Rolandsgard i ta:lik.

Andre del av denne artikkelen kjem på måndag, 24. oktober.  Bestilling av boks eller dvd må skje på e-post til info@talik.no, eller som direktebestilling til 91197407.