Landskappleiken er den store hendinga for folkemusikk og folkedans i Norge. Heile 1400 deltakarar har i år meldt seg på for å kjempe om siger i klassar som hallingdans, hardingfele, langeleik, langdans og mange fleire. I løpet av fem intense dagar på Geilo blir vinnarane kåra. 

- I Noreg har vi ein unik musikktradisjon. Kvart distrikt har sine musikalske dialektar, tradisjonar og historier. På Landskappleiken får du Noregs folkemusikktradisjonar i eit nøtteskal, fortel kappleiksansvarlig i FolkOrg Rannveig Djønne. 

I tillegg til aktive musikarar og dansarar, kjem omlag 3000 tilreisande årleg til Landskappleiken, som er den største og viktigaste møteplassen for folkemusikken i Norge.

Dei beste får spele i Operaen

I år er det ei ekstra gulrot for vinnarane på kappleiken. Eit utval av meistrane får nemleg spele i Operaen i ei eiga festframsyning i november. 

- Dette er fyrste gong vi set opp denne konserten, og vi håpa at denne ”ekstrapremien” ville få endå fleire til å melde seg på og skape ekstra merksemd rundt norsk tradisjonsmusikk – og dans. I vokal folkemusikk klasse A er til dømes talet på deltakarar nesten dobla frå i fjor, seier Djønne

Kongepokal i eldre folkemusikkinstrument

I tradisjon tru er det sett opp Kongepokal på Landskappleiken. I år har H.M. Kongen satt opp Kongepokal i klassa for eldre folkemusikkinstrument. Kandidatar som spelar til dømes langeleik, munnharpe, lur, bukkehorn, slåttetromme eller fløyte er med i kampen om å vinne den gjeve pokalen i år. 

Lokal mat og drikke

Lokal arrangør av Landskappleiken i år er Geilo Spelemannslag. Dette er femte gong den tradisjonsrike festivalen blir arrangert på Geilo. 

- Arrangørane i Geilo Spelemannslag har lagt alt til rette for ein flott kappleik. I tillegg til den beste musikken, blir det servert lokal mat og drikke av beste merke, avsluttar Djønne som håpar mange tek turen til Geilo denne veka. 

Arrangementet startar onsdag 25. juni, og held fram med konkurransar og konsertar fram til sundag då festivalen vert avslutta med ein mesterkonsert der vinnarane frå dei fleste klassene deltek. 

> Alt om Landskappleiken - www.landskappleiken.no