Årets utgåve av bransjetreffet Folkelarm er den sjuande i rekka og finn stad på Riksscenen i Oslo 25. - 29. september. Av dei 95 søknadane som kom inn, er det no plukka ut 13 artistar som skal fylle Riksscenen i slutten av september.

Sigurd Reinton.
Prosjektleder for Folkelarm 2013, Sigurd Reinton

Debutantar og Norden i fokus

- Me har merka ei større pågang frå artistar frå dei andre nordiske landa, spesielt Sverige og Finland. Me ser også at det er fleire samarbeidsprosjekt mellom musikarar frå dei ulike landa. Saman gjer dette at me har eit noko større nordisk fokus i år enn tidlegare, seier Sigurd Reinton prosjektleiar for Folkelarm.

Publikum og musikkbransje kan med dette sjå fram til eit bransjetreff med eit breitt spekter av nordisk tradisjonsmusikk. Blant dei som står på scena er årets folkemusikar i Sverige 2013, Emilia Amper og nyleg vinnar av Fureprisen Erlend Apnseth.

- Mange av årets artistar har aldri spelt på Folkelarm tidlegare, og det viser at det er bra ettervekst innan sjangeren. Folkelarm er difor eit godt høve til å bli betre kjend med kva som rører seg på folkemusikkfronten nett no, forklarar Reinton.

Folkelarm2013_logo

Profesjonalisering av bransjen

I år er også profesjonalisering av bransjen i fokus, med nye samarbeidspartnarar og over 20 seminar fordelt på tre dagar.

Nytt i år er eit tett samarbeid med sentrale aktørar innan musikkbransjen. - Kulturhusnettverket, med sine 90 kulturhus, har lova og stille mannsterke! Prosjektleiar Sigurd Reinton fortel vidare at; - Kulturhusnettverket spelar ei essensiell rolle i bookingmiljøet i Norge, og er ein viktig aktør for å få meir folkemusikk ut på vegen. - Me skal levere  spennande artistar på rekke og rad under årets Folkelarm, og bidra til spreie folkemusikken til nye arenaer  - Me er òg i dialog med fleire andre bransjeaktørar som f.eks by:Larm, avsluttar Reinton.

FOLKELARM vert i år arrangert for sjuande gong og finn stad på Riksscenen i Oslo 25. -29. september. Bransjetreffet presenterer nordisk folke- og verdsmusikk i full breidde, og kvart år kjem om lag 40 internasjonale og 150 nasjonale delegatar frå musikkbransjen til bransjetreffet som har som mål å profilere norske og nordiske folkemusikkartistar.

I juryen for Folkelarm 2013 sat Anne Moberg, Bjørn Hammershaug, Vegar Vårdal, Eva Karlsson, og Mike Kamp.

Folkelarm_2013_artister

Folkelarmartistar 2013

  • Mala Fama
  • Erlend Apneseth
  • Firil
  • Vilniss
  • Fat Dog
  • P. A. Røstad
  • Elin Kåven
  • Tranotra
  • Tiar
  • Emilia Amper (SE)
  • Kolonien (SE)
  • Polka Chicks (FIN)
  • Stockholm Lisboa Project (SE)

For programinformasjon og andre opplysningar sjå www.folkelarm.no