Føremålet med årbok for norsk folkemusikk er å ta pulsen på folkemusikkmiljøet i dag, og samstundes trekke liner bakover i historia. I år er fokuset retta mot arkiv og arkivarbeid.

- Når ein samlar inn eller arbeider med arkivmateriale blir ein kjend med menneskje, musikk, dans og ikkje minst livserfaringar. Difor vart «møte» eit viktig ord. Møter på tvers av grenser, møter i historia, møter mellom kjelde og innsamlar, mellom lærar og elev. Innhaldet i årets bok spenner difor over eit stort område, fortel Morken.

Årboka2012-framside
Framsida av Årbok for norsk folkemusikk 2012.

Tett på kjeldene

I år bidreg fem artikkelforfattarar med ulike historier om møte innan folkemusikk og - dans. Artiklane omhandlar kva erfaringar samlarane har møtt, kva forhold folkemusikkinteresserte har til arkiv og arkivarbeid og kva ein kan bruke kjeldemateriale til. 

- Me har fått tak i mange gode artikkelforfattarar, som kvar på sitt vis kastar ljos over temaet. 

I boka fortel Bjørn Aksdal om innsamlingane han gjorde i Trøndelag på 1980- og 1990- talet, tidlegare redaktør i Spelemannsbladet Kjell Bitustøyl ser tilbake på møte med personar i musikalske grenseland og musikar Eli Storbekken fortel om ulike møte ho har hatt gjennom eit rikt kvedarliv. 

Vidare har Gudrun Folkedal vore på «Slåttesnakkis» med fire spel- og danselag om deira forhold til arkiv og arkivarbeid, og Sigurd Johan Heide skriv om estetiske prinsipp i dans, og korleis nytte arkiv i arbeidet med folkedans. 

Ein finn òg eit utval eldre artiklar frå Spelemansbladet, tidskrift og bøkar, som gjennom denne utgjevinga kjem fram i ljoset på ny. I dei ulike artiklane får ein møte mellom anna Sjur Helgeland og Olav Heggland.  Til slutt i boka finn lesaren ei liste over folkemusikkarkiv i Norge, som er utarbeidd av Harald Knutsen.  

- Lista over arkiv kan være ein nyttig reiskap for den som vil forske i kjeldemateriale og søke inspirasjon, fortel redaktøren. 
 

”Det er ofte klokt som dei gamle talar”
– frå folkemusikkinnsamling til levande bruk

                                          Tema for årboka 2012

Ei lettlest bok

Årets bok er nummer to i rekka i FolkOrgs regi. Førre bok vart gjeve ut i 2010, med Anne Hytta som redaktør. Tidlegare vart årboka gjeve ut av Norsk Folkemusikk- og danselag, med fyrste utgjeving i 1991. 

- Årboka er inga akademisk utgjeving. Det er ei lettlest bok der alle kan finne godbitar som dei kan ha nytte av, som dei kanskje vil le av, og som kan vera rørande, meiner redaktøren. 

Årbok for norsk folkemusikk vert lansert under open klasse, torsdag på Landskappleiken på Røros.  Medlemmar i FolkOrg får boka for 200 kroner + frakt, medan ordinær pris er 250 + frakt. Du kan tinge boka her

Artiklar i Årbok for norsk folkemusikk 2012

  • På opptaksferder i Trøndelag  (Av Bjørn Aksdal)
    Ein artikkel der Bjørn Aksdal fortel om innsamlinga han gjorde i Trøndelag på 1980- og 1990-talet. 
     
  • Om estetiske prinsipp  (Av Sigurd Johan Heide)
    Sigurd Johan Heide skildrar korleis ulike estetiske prinsipp har påverka koreografien i arbeidet med forholda mellom musikk og dans.
     
  • Frå gamle dagar
    • Møte med Sjur Helgeland (Av Endre Bleie)
    • Spelmandsstevnet på Graftaas (Av Magnus Engzelius) 
    • Vitjing hjå ein av landets fremste konsertspelemenn, Olav Heggland.
    • Spelemannslagnader (Av Ingjald Haaland)
  • Slåttesnakkis over ein kaffikopp? (Av Gudrun Folkedal) 
    ​Fire spele- og dansarlag i Norge fortel om forholdet sitt til arkiv og arkivarbeid.
     
  • Folkemusikalsk grenseland  (Av Kjell Bitustøyl)
    Som tidligare redaktør i Spelemannsbladet fortel Kjell Bitustøyl om møte han har hatt med personar i folkemusikalske grenseland.
     
  • Glimt fra eit kvedarliv (Av Eli Storbekken)
    Eli Storbekken fortel gjennom små glimt frå sitt kvedarliv om møte ho har hatt, og deler nokre refleksjonar.
     
  • Norske folkemusikkarkiv (Av Harald Knutsen)
    ​Ei liste over arkiv i Noreg kan vere ein nyttig reiskap for den som vil forske i kjeldemateriale og søke inspirasjon.

Høyr redaktør John Ole Morken fortelle om årets utgjeving

TING ÅRBOKA HER: