Anne-Marte Før er fødd og oppvaksen i Vestre Slidre i Valdres, nærmar seg  midten av 30-åra og har både utdanning og erfaring innanfor kulturprosjektleiing. Ho har tidlegare vore dagleg leiar for Sol av Isfolket i Valdres, og i 2012 tok ho over jobben som dagleg leiar forJørn Hilme-stemnet. 

Kva var det som fanga interessa di med jobben som leiar for Jørn Hilme-stemnet?

- Eg synes det er artig med arrangementsproduksjon. Det er eit spennande felt og Jørn-Hilme er ein godt etablert, og triveleg festival, fortel ho.   
 
Jørn Hilme-stemnet er eit arrangement med ei lang historie. Korleis har utviklinga vore for festivalen dei siste åra?

- Dei siste åra har ein møtt utfordringar både internt og eksternt. Manglande kontinuitet i administrasjonen og konkurranse frå andre arrangement, særleg lokalt, har gjeve hovudbry, men Hilme har synt seg å stå fjellstøtt likevel.  

- Det er heilt naturleg med svingingar i eit arrangement som Jørn Hilme-stemnet. Når historia strekkjer seg over fleire tiår, vil festivalen pregast av trendar både hjå publikum, det profesjonelle utøvarmiljøet og kulturpolitiske forventningar både frå statleg og regionalt hald. Ein er dessutan prisgjeve det frivillige engasjementet som til ei kvar tid dreg det meste av lasset. Utan all den frivillige innsatsen hadde ikkje Jørn Hilme-stemnet vore til.            
                

 "Utfordringa er å ikkje bli for like, trur eg."
 

Anne-Marte Før.
Dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet, Anne-Marte Før. Foto: Laila Duran

Kva for profil har arrangementet no, og korleis ønskjer du å forme festivalen i tida framover?

- Vi vil vera medvitne på tradisjonen som ei levande kjelde for meir nyskapande og sjangeroverskridande uttrykk, slik at vi hugsar å ta med oss fortida når vi rasar fort og utolmodige inn i framtida. Elles har vi ikkje planer om å finne opp kruttet, det vart gjort i 1960 og gode grep er gjort oppigjennom åra, no pussar og polerer vi berre på ein finfin festival. 

Kva ser du som arrangør etter hjå ein artist eller utøvar, og korleis gjeng du fram for å finne artistar til festivalen?

- Jørn Hilme-stemnet har ei svært oppegåande programnemd som kranglar og lokkar om kvarandre, og til slutt så vert dei samde om eit program med høg kvalitet, som både speglar nyskapande og ikkje minst tradisjonelle uttrykk. 

- Vi prøver også å tenkje bevisst på dansen, fyrst og fremst den sosiale dansen, men også folkedans som scenisk uttrykk. I vinter har vi prøvd å tenkje litt over kva som er det nye nyskapande. Nyskaping er i evig utvikling og det som var uprøvd for ti år sidan er kanskje godt etablert og forventa i dag.      
    

"Vi må halde på nærleiken mellom meistrane og amatørane."
 

Dans på Hilme-stemnet 2012.
Dans på Hilme-stemnet 2012. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Kva meiner du er den største utfordringa for folkemusikkfestivalar og -arrangørar i dag? Og kva meiner du skal til for å betre dette?

- Utfordringa er å ikkje bli for like, trur eg.  Vi må opne augo til fleire publikummarar, samstundes er det viktig at kvar og ein arrangør tek vare på sin eigen identitet. Folkemusikken og folkedansen er i seg sjølv interessant for fleire enn vi kanskje trur. Eg stemmer for at meir hardcore folkemusikk er vegen å gå. 

- Vi må også ivareta den naturlege nære koblinga som ligg mellom spelet og dansen, vi vil vel ikkje berre ha konsertspelemenn? Ein kan kanskje tenkje seg at festivalane berre skal fokusere på dei profesjonelle utøvarane, det gjer vi jo mest av, men miljøet er lite og aktørane i sjangeren er så få, difor trur eg det er vesentleg at dei store aktørane også engasjerer seg for breidda. Det er her alle uttrykksvariasjonane blir take vare på og/eller oppstår, og det er vel det som er med på å gjera folkemusikken og dansen så mangfaldig og spennande. Vi må halde på nærleiken mellom meistrane og amatørane. 

-  Ein annan ting er det administrative og den aukande forventninga til profesjonalitet frå tilskotsgjevarar osb. Vi har no gått inn i eit administrativt fellesskap saman med andre arrangørar, der rockefestivalen Vinjerock er primus motor bak den nye organiseringa. No er vi ein heil gjeng som skal syte for Hilme og Strunkeveko, som rammeverk for dei frivillige drivkreftene.

Kva kan publikum forvente seg på Jørn Hilme-stemnet i år?

- Eg får seia som Ellen Persvold svara meg på same spørsmålet; på Hilme kan du forvente deg dans, brunst, dunst, rytme, ristetak, felelete, krulling, sviving, myretrill, syding, kiving, driv, sviv, hulling, trøing, tørsting, lying, lytting,  dømming, kjøo, tremannsdans, prilling, tvilling. I år som alltid.

Jørn Hilme-stemnet går føre seg 21.- 28.juli. Les meir på heimesidene Hilme.no