> Les leiaren til Knut Aastad Bråten "Ein ny kulturpolitikk" i siste utgåva av bladet Folkemusikk


​I leiaren i siste utgåve av bladet Folkemusikk langar redaktør Knut Aastad Bråten ut mot Førdefestivalen og knutepunktordninga på ein ganske forenkla måte. Dette bidreg til at lesarane får ufullstendig og urett informasjon med tilhøyrande konklusjonar som tener redaktøren og bladet til lite ære. Det er sjølvsagt legitimt å drøfte knutepunktordninga og statusen til Førdefestivalen, men skal ein få ein god debatt, bør den vere mest mogleg faktabasert.  

Knutepunktfestivalane skal mellom anna drive kompetanse- og kunnskapsbygging innanfor sine sjangrar, skriv Aastad Bråten, og det er korrekt. Men så skriv han: ”Eit seminar hist og her, arrangert av Førdefestivalen, rettferdiggjer ikkje knutepunktmidlane åleine.” Nei, sjølvsagt ikkje, og det er heller ikkje berre det Førdefestivalen gjer. Det burde redaktøren vite, eller sette seg inn i, før han tek leiarpennen fatt.  

"Vi vonar at styresmaktene òg i framtida vil sjå verdien av å ha kulturelle fyrtårn også på festivalfeltet"

Knutepunktoppdraget inneber også langt meir enn forventning om å drive kompetanseoverføring, mellom anna skal ein vere kunstnarleg leiande, ha publikumsretta tiltak gjennom året, ha nasjonal og internasjonal orientering og synlegheit, vere utstillingsvindauge for norske artistar mot utlandet, vere nyskapande og utviklingsorientert, drive aktiv publikumsutvikling og drive aktivt samarbeid med andre kulturinstitusjonar.

Det fører for langt å gå i detalj om korleis Førdefestivalen løyser alle desse oppgåvane i dette innlegget. For dei som ynskjer å vite meir om kva festivalen gjer i høve til knutepunktoppdraget, vil vi anbefale å lese festivalen sine årsmeldingar som ligg tilgjengeleg på www.fordefestival.no under ”Om festivalen/styre og stifting”.

Så er det også på sin plass å minne om at Førdefestivalen starta i 1990 (same året som Telemarkfestivalen), og søkte på opne tilskotsordningar tilgjengelege for alle festivalar fram til festivalen fekk knutepunktstatus i 2005, ein status som vart gjeven ut frå ei kvalitetsvurdering av alle sider ved festivalen. 

Når det gjeld konkurransevridning som Aastad Bråten trekker fram, er vi i tvil om kva han meiner i dette tilfellet. Innanfor folk- og verdsmusikksjangeren er det ikkje bodrundar slik det somme tider er innanfor t.d. rockfeltet. Førdefestivalen har også ein klar sjangermessig profil, og konkurrerer i  svært liten grad om band som også dei meir kommersielle festivalane programmerer, slik problemstillinga har vore for enkelte andre knutepunktfestivalar.  Med Aastad Bråten sin definisjon vil det jo alltid vere konkurransevridning dersom ikkje alle får nøyaktig lik støtte.  

"Knutepunktoppdraget inneber også langt meir enn forventning om å drive kompetanseoverføring." 

Innanfor kulturlivet er det som kjent vanleg med store, nasjonale institusjonar innanfor t.d. opera, scenekunst og biletkunst. Desse institusjonane ligg i dei store byane, og det er her dei verkeleg store statlege kulturmidlane går, utan at ein har den same debatten om desse i høve til mindre/regionale aktørar i same felt.  Knutepunktordninga for festivalar hadde mellom anna som mål og bidra til institusjonalisering og profesjonalisering av festivalfeltet, og å bygge kompetansesentra utanfor dei store byane.

Om det i framtida skal heite knutepunkt eller ikkje, er ikkje det viktigaste poenget, og oppgåvene kan gjerne drøftast. Men vi vonar at styresmaktene òg i framtida vil sjå verdien av å ha kulturelle fyrtårn også på festivalfeltet, som har ressursar og kompetanse til å slå gjennom både nasjonalt og internasjonalt, og skape arenaer for musikalske møte og kunstnarleg nyskaping som vekker internasjonal oppsikt.  Vi vonar òg at folkemusikken og ”verdsmusikken” vil ha sin plass mellom desse kulturelle fyrtårna, til beste både for utøvarar, publikum og for sjangeren.
 

Hilde Bjørkum 
direktør, Førdefestivalen