I trioen finn du songar og langeleikspelar Ingvild Lie, Harald Høyvik på gitar og Lars Skattebu på indisk harmonium og mandolin. Saman er dei Blått Gådn, og det heile starta for to år sidan. 

- Harald og eg samarbeida gjennom eit prosjekt i regi av Jørn Hilme-stemnet i 2008. Etter dette starta vi eit samarbeid som duo, men etter ei stund starta leitinga etter eit tredje medlem. For vel to år sidan vart Lars med, og Blått Gådn vart ein realitet, fortel songar og langeleikspelar Ingvild Lie. 

- Kor kjem namnet frå?

- Namnet er henta frå ein bånsull: "Sori rori gøtt bådn, mor di spinne blått gådn". Vi tykte dette passa bra sidan mange av tekstane og melodiane vi brukar har ein blå undertone. Samstundes kan vi sjå for oss at denne tråden kan vere eit bindeledd mellom tradisjonsmusikken og nyare musikk.     

- Kva er den raude tråden i Blått Gådn? 

​- Den raude tråden er blå. Men eit av kjenneteikna våre må vere jakta på eit uttrykk som koplar saman folkemusikken med andre musikkstilar. Vi har eit ganske leikent uttrykk der vi forskar på sjangrar, arrangement, rytmikk og instrumentering. 

- Musikken speglar at vi som utøvarar har bakgrunn frå folkemusikk, rock, jazz, folkrock med meir. I tillegg har vi funne ei instrumentsamansetning som også fungerer godt akustisk. Gitar, langeleik, mandolin og indisk harmonium er instrument som kling godt saman utan at nokon dominerer for mykje.
 

"Vi har eit ganske leikent uttrykk"
 

- Korleis gjekk de fram for å finne stoff til plata?

- På plata nyttar vi mykje tradisjonsstoff frå Valdres. Særleg har vi nytta mykje stoff etter Anna Fuglesteg. Ho er ei av dei store kjeldene for vokal folkemusikk i Øystre Slidre, og er ikkje så mykje nytta i utgjevingar før. I tillegg har vi nokre nyskrivne songar. Kari Høyvik har skrive ein tekst til oss. Og både Harald og Lars har komponert nytt materiale til plata.

 Blått Gådn 2_framside.jpg


- Er det nokre musikarar som har inspirert dykk, og på kva måte?

- Også her dukkar Anna Fuglesteg opp. Som songar tykkjer eg at mange av songane etter ho har noko ved seg som appellerer veldig til meg, og eg tykkjer ho fortener litt merksemd, meiner Ingvild. 

Dei to andre medlemmene har henta inspirasjonen frå landa over Nordsjøen. 

- Eg blir inspirert av mykje forskjellig, men den største inspirasjonskjelda er kanskje den engelske folkemusikken, med personlegdomar som Bert Jansch. Han har vore viktig for meg, utan at eg vil samanlikne meg med han, understrekar gitarist Harald Høyvik

- The Incredible String Band og skotske hippies som på 60-tallet, med inspirasjon frå folkemusikk, ikkje lot sjangrar stå mellom seg og utforsking av nye og personlege uttrykk, har inspirert meg. Eg prøver sjølv å reagere personleg på den musikken eg møter, seier Lars Skattebu. 
 
- Kor kan ein høyre Blått Gådn i tida framover?

- No fyrst er det plateslepp. Fredag spelar vi på Valdres Gardsbryggeri i Volbu og på laurdag spelar vi fyrst i Fagernes på dagtid, før vi har nytt plateslepp på Briskeby Cafe på kvelden. Vidare i sommar driv vi å avklarar jobbar no, men vi blir å høyre både i og utanfor Valdres i sommar. Til hausten har vi også vore så heldige at vi får spele på Riksscena 5. september.
 
Du kan lese meir om Blått Gådn på heimesidene deira. Musikken kan du høyre i iTunes, eller i Wimp