Tekst: Ida Habbestad. Foto: Aleksander Andersen
Utøvarane Britt Pernille Frøholm og Knut Hamre meiner kritikken har mykje å seia. Dei vert støtta av journalist Gunhild Aaslie Soldal i Nationen, og kritikar Svein Andersen i Aftenposten. Alle fire er samde om at kritikk bør vera seriøs og granskande – og ikkje minst at han bør finnast.
- Skriftleg kritikk er viktig. Folkemusikarane treng rettleiing i form av sakleg og nøktern vurdering. I tillegg er kritikk ei form for dokumentasjon på utført arbeid. Den syner at ein er aktiv som utøvar, seier Hamre.
- Som utøvar vil eg alltid ynskja at det eg driv med, vert vurdert på eit seriøst grunnlag, seier Frøholm.
Soldal peiker på at feltet er tent med at nokon følgjer det kontinuerleg. Ho meiner kritikarane kan komma med gode innspel til feltet.
- Kritikken fungerer best når han er open, granskande og konstruktiv. Alle miljø bør sjå seg tente med det, seier ho.
Fagkunnskap eller ikkje
Kven er det så som skal kritisera? Hamre viser til at det ikkje finst noka formell utdanning på fagfeltet i Noreg. For han er det viktig at kritikaren har god kjennskap til folkemusikk.
- Eg forventar at kritikarane er ærlege og rettleiande for utøvaren, seier han.
- Kritikaren bør ha fagleg forståing for innhaldet og handverket. For å komma fram til dette bør kritikaren ha ei viss erfaring.
Likevel treng det ikkje vera eit krav at kritikaren har fagkompetanse, meiner Frøholm.
- Om eg les ein kritikk, er eg interessert i å få vita mest mogleg om kva produktet inneheld, og kritikaren si oppleving av det. Det er ikkje alltid nødvendig at kritikaren har inngåande kjennskap til folkemusikk. Det kan vera vel så interessant å lesa ei vurdering frå ein som generelt er interessert i musikk, seier ho.
Men kritikk bør uansett leggja vekt på produktet, meiner dei to utøvarane. Dei ynskjer vurderingar av handverket, og på om dei medverkande har evna å skapa ein god heilskap gjennom formidlinga.
- Kritikaren bør leita etter meininga eller ideen med produktet. Og det er viktig at vedkomande ikkje skriv ut frå slik som han eller ho sjølv ville ha laga produktet, seier Hamre.
Frå ein kritikar sin ståstad blir det understreka at verksemda ikkje er nokon eksakt vitskap, meiner Andersen.
- Ulike kritikarar har ulike innfallsvinklar for kritikken sin. For meg er først og fremst lyttaropplevinga det viktige. Eg ynskjer å formidla korleis musikken vert opplevd, om han treffer meg på noko vis. Dernest prøver eg å setja musikken inn i ein musikalsk samanheng, gjerne med referansar til stad, komponistar eller andre utøvarar. Så freistar eg seia noko om musikken fungerer til bruksområdet sitt. Det handverksmessige er sjølvsagt ein viktig del av heilskapen. Men det er ikkje nok å beherska instrumenta sine, ein må vilja noko med spelet. Eg prøver å seia noko om i kva grad utøvarane får musikken til å leva.
Sakleg eller usakleg?
Dei siste tiåra har det skjedd store endringar på feltet, gjennom framveksten av utdannings- og interesseorganisasjonar, det ein gjerne omtalar som ei profesjonalisering av feltet. Dette syner att i mykje av kritikken, meiner Frøholm, som er glad for å sjå stadig fleire folkemusikkrelaterte saker i media. Utøvarane toler sakleg kritikk, men ikkje alle har teke endringane inn over seg, trur ho.
- Miljøet har vore gjennom ei stor endring på kort tid, men ein kan framleis lesa gode omtalar som endar opp med vektlegging av kva ”konservative tradisjonalistar frå eit sneversynt miljø” måtte meina. Eller ein legg gjerne vekt på dei såkalla ”gretne, gamle gubbane” framfor korleis ting faktisk er i dag. Dette har nok vore ein frustrasjon for mange. Eg ynskjer at produktet ligg til grunn for vurdering, og ikkje personlege fordommar.
Soldal meiner ein har komme langt med kritikken.
- Inntrykket mitt er at kritikk av folkemusikk generelt held eit sakleg og seriøst nivå. Eg synest miljøet har grunn til å vera nøgd med dette bladet, som tek oppdraget på alvor, og som evnar å setja dagsordenen. Det kunne vore eit reint kyrkjelydsblad, seier ho.
Andersen meiner det er viktig at ein ikkje tek for mykje omsyn til utøvarane sine forventningar.
- Utøvarane står for det dei har skapt, medan kritikarane skal prøva å seia noko om resultatet. Spørsmålet er kven kritikken vert skriven for, og i mitt tilfelle er svaret publikum. Det er hjå dei eg har min lojalitet, seier han.
For snill kritikk?
Ei like interessant problemstilling er spørsmålet om kritikarane gjennom vala sine kan vera for lite kritiske til folkemusikken, meiner han.
- Eg vil ikkje seia at kritikarane er for snille. Men ut frå mengda av utgjevne folkemusikkplater er det berre rom for å kritisera ein brøkdel. Når eg må prioritera, prøver eg å plukka dei relevante, gode platene heller enn å skriva om dei meir middelmåtige. Slik kan omtalen i det store og heile bli positiv, og dette kan gje eit skeivt bilete av kvaliteten på kva som vert skapt. Dette er ein type kvalitetsdebatt som alle som held på med skapande verksemd, må ha ei meining om.
Soldal er samd.
- Ein kan lika det eller ikkje, men folkemusikken sin posisjon er at sjangeren er for spesielt interesserte. Då er det ikkje unaturleg at dei som følgjer musikken, har ei viss tilknyting til miljøet, og omtalar det i positive ordelag. Likevel – folkemusikkfeltet er ikkje tent med at dei som kritiserer, har ein konsekvent vernande innfallsvinkel. Ikkje kritikarane heller, om dei har interesse av å bli lytta til.
Heller ikkje utøvarane ynskjer at kritikaren tenkjer kulturpolitisk.
- At ein er oppteken av storleikar som bevaring eller fornying, bør ikkje overskyggja det kunstnarlege innhaldet. Eventuelle kulturpolitiske tankar bør koma som eit tillegg, meiner Hamre.
Ei anna sak er at den merksemda ein oppnår gjennom kritikk, i seg sjølv kan vera viktig for det kulturpolitiske, påpeikar Frøholm.
- Kritikken er viktig for å synleggjera at dette er ein levande kultur der aktiviteten er stor, med aktivitet på mange ulike område. Kritikken kan vera utgangspunkt for debattar, og merksemda kan i seg sjølv ha kulturpolitisk påverknad.
For mykje er mot sin hensikt
Slik tyder mykje på ei semje om at det burde vore mykje meir kritikk på feltet. Men ikkje all kritikk er god kritikk, meiner dei intervjua.
- Det blir gitt ut mange produksjonar som kunne fortent større merksemd. Men det vil nok ikkje vera heldig å ha massiv mediedekning på all aktiviteten i miljøet. Ikkje alle utgjevne plater er på høgt nasjonalt nivå, og miljøet vil ikkje vera tente med om desse får stor mediedekning, sjølv om produksjonane kan vera viktige for dei enkelte lokalmiljøa, seier Frøholm.
- For mykje kritikk kan verka mot si hensikt, seier Andersen.
- Utøvarar må få lov til å prøva og feila for å bli betre i faget sitt. Det som er viktig, er å gje eit mest mogleg sannferdig bilete av kva som rører seg innanfor folkemusikken, og oppmuntra til forbetringar der det er nødvendig. Og det som vert skrive, må ha relevans for lesaren. Slik sett kan noko av dette arbeidet liggja hjå fagblada – dei kan gjerne vera endå meir sjølvopptatt og kritiske enn i dag.
Uansett kritikk: Det er det utøvande feltet som er avgjerande for framtida, trur Andersen.
- Kvaliteten på utøvarane og musikken bestemmer om folkemusikken skal nå utover kjernemiljøet sitt. Med utøvarane på feltet i dag ser framtida lys ut.
Kritikarane skal ikkje styrast
- Tidlegare kulturredaktør i BT, Jan Landro: Avisene har gjerne fleire reportasjar om folkemusikk enn kritikkar av folkemusikk. Kvifor?
- Dette har samanheng med kompetanse. Me har hatt få folk som har kjent seg kompetente til å gje ei fagleg vurdering av folkemusikk. Frilansbudsjettet er ikkje stort i BT.
- Me seier gjerne at kritikk skal vera fagleg god og relevant. Korleis vert kritikken relevant?
- Relevans er avhengig av produktet. Generelt kan ein seia at produktet ein skriv om, ikkje skal sjåast som noko isolert fenomen, men i ein samanheng, til dømes relatert til noko musikaren har gjort før, eller til tradisjonen og miljøet.
- Opplever du at arbeidet i avisa samsvarer med forventningane som folkemusikarar har til kritikken?
- Kva som vert sagt internt i miljøa, veit eg ikkje. Men responsen eg sjølv har møtt, er utelukkande positiv. Dette kan koma av at feltet er vant med å leva i skuggen av andre. Då stiller du kanskje ikkje dei største krava.
- Burde det vore meir kritikk av folkemusikk?
- Ja, og særleg av konsertar. Det har vore svært få konsertkritikkar av folkemusikk i BT.
- I kva grad bør kritikaren tenkja beskyttande overfor eit felt som har vore marginalisert?
- Kritikarane skal ikkje styrast i noka retning i vurderingane sine. Kulturredaktørane, derimot, har eit ansvar. Kanskje bør dei tenkja med større velvilje på feltet og bidra til å gje det større merksemd.
IdaLou sette standard
- Då eg byrja abonnera på Spelemannsbladet i 1974, var det stort sett refererande omtale. Dette gjaldt truleg til langt innpå 80-talet. I dagspressa var det endå færre kritikkar, til 90-talet då CD-en kom for fullt, seier Kjell Bitustøyl, tidlegare redaktør av Spelemannsbladet.
- I Nationen skreiv IdaLou Larsen om konsertar, og sette standard for folkemusikk som seriøs musikkform. Sakte, men sikkert, har fleire kritikarar dukka opp. Dei er ikkje mange, men det er ikkje lenger ein sensasjon om ei hardingfeleplate vert omtalt i avisene.
- Kvifor har det vore så lite kritikk?
- Generelt har det vore mykje debatt i miljøet. I høve kappleiken har ein hatt heftige diskusjonar om kven som var den beste. Ein kan undra seg over kvifor diskusjonen ikkje syner att i kritikkformatet. Men miljøet er lite, og folk har ulike hattar. Mange føler dei ikkje kan kritisera utan å møta seg sjølv i døra. Dette kan gjera det ekstra ubehageleg å kritisera. Og dersom merksemda som kjem, er negativ, kan det opplevast knusande. Eit siste moment er at feltet i den første tida var prega av det frivillige. Spør ein dei som brenn for saka, om å skriva, er det sannsynleg at dei vil skriva om noko dei verkeleg likar. Dette hadde endra seg ein del då eg tok over som redaktør i 1997, og var truleg ei omlegging som hadde kome gradvis.
Dette er saka: Folkemusikk og kritikk
• Bladet Folkemusikk skreiv på leiarplass i 1/2011 at ”Folkemusikk-Noreg, men også andre som arbeider med kritikk og vurdering av folkemusikk og folkedans, må våga å ta kvalitetsdiskusjonar om musikk og dans på alvor”.
• Knut Hamre og Britt Pernille Frøholm er folkemusikarar og ynskjer meir kritikk av folkemusikk.
• Svein Andersen er platemeldar og journalist i Aftenposten. Gunhild Aaslie Soldal er journalist i Nationen, med fortid som langeleikspelar.
• Kjell Bitustøyl er tidlegare redaktør i Spelemannsbladet, medan Jan Landro er tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende (BT).
Artikkelen er henta frå Bladet Folkemusikk, nr. 3, 2011. Du finn ut meir om bladet ved å gå til denne lenka.