Mokurset
Mokurset starta opp i 1984 og er såleis det sommarkurset med lengst tradisjon i Noreg. Det har vorte arrangert kvart år sidan. Mokurset vert i år arrangert 8.-13. juli. Det er eit tilbod om opplæring på fele, hardingfele, toradar, trekkspel, song og dans. Også bukkehorn og lur har vore representert i dei siste par åra.
Påmeldingsfrist: 20.mai - www.mokurset.no
Nordisk sommarleir (Nordic Summer Camp)
Nordisk Sommarleir er eit arrangement for ungdom mellom 14 og 26 år, og blir arrangert i dagane før det nordise stemnet Nordlek i Steinkjer. Tidspunktet for leiren er 6.-10. juli.
På Sommarleiren er det lagt opp til forskjellege stuttkurs av høgaste kvalitet i folkemusikk, folkedans og teater. Blant lærarane er ei rekke flotte namn, så dette byr på ei spanande veke med noko for ein kvar smak.
Ulf Arne Johannessen (halling/laus), Sergio Mendes (fysisk teater og akrobatikk), Anders Tradbjerg (Accordion/Flute/Fiddle), Emmanuel Gaillard (sjonglering og objektmanipulering), John Ole Morken (musikk og dans), Patrik Andersson (dans og spel), Sigurd Johan Heide (dans), Trygve Ramnefjell (forteljarteknikk og folkesong), Ingvild Blæsterdalen (spel), Elizabeth Piro Volen (teater), Gunnar Rødal (munnharpe), Jan Fredrik Grøndal Henriksen (improvisasjon og scenekamp), Marianne Dahl og Torill Schinstad (ril-koreografiar), Nordic Dance 2012 (musikk og rytme), Anna Liv Skjelten Gjendem (Innheredspols).
I tillegg skjer det mykje anna på leiren som t.d. Improkappleik og festar om kvelden.
Påmeldingsfrist: 1.juni - www.sommarleiren.no
UngFolk
På kursstaden bur lærarar og deltakarar saman gjennom heile kursveka. Undervisninga føregjeng for det meste i små grupper, men ein kan også få nokre einetimar med læraren din. Det vert lagt stor vekt på å skaffe gode lærarkrefter til alle kurs.
Hovuddelen av deltakarane brukar å vere telemarkingar, men det er også deltakarar frå t.d. Drammen, Sandefjord, Mathopen og Stord.
Påmeldingsfrist er 1.juni - www.ungfolk.no
Strunkeveko
Strunkeveko er eit sumarkurs i folkemusikk og folkedans for born og ungdom. I år som tidlegar år er det ei fantastisk rekke flotte kurs du kan få med deg denne veka i Valdres. Kursveka går av stabelen 22.-27. juli på Valdres folkehøgskule på Leira.
Kalottspel - kurs
Kalottspel er ein folkemusikk- og folkedansfestival som arrangeres i Målselv, og som byr på konserter, kurs, seminarer, dansetilstelninger og mye mer. Det er ein møtestad for amatørar, profesjonelle aktørar og publikum på Nordkalotten. Kalottspel skal være med å ta vare på og utvikle folkemusikken og folkedansen på Nordkalotten, for på den måten å styrke rekrutteringa til sjangeren.