Viken/Brimi har lada opp til turné med nominasjon til Folkelarmpris og to showcases på Folkelarm i helga. Plata Ho venta på rock vart lansert i sommar og no vil Viken/Brimi ut og møte publikum med repertoaret frå plata.

Brimi frå Lom og Viken frå Oppdal er sterke tradisjonsberarar frå sine distrikt, og vidarefører tradisjonen som unge moderne spelemenn. Slåttetradisjonane i Lom og Oppdal er utømmelege kjelder av spennande musikk, der stadig nye godbitar dukkar opp frå gløymselen. Musikarane utfordrar slåttane og former dei på sitt eige vis.

I samband med utgjevinga DUO skreiv musikaren Sigrid Moldestad følgande om dei to spelemennene:  Erlend Viken og Aslak O. Brimi leikar godt saman - du høyrer nesten kor dei smiler av krafta frå kvarandres feler, du kjenner kor dynamikken bølgjer frå bogedrag til bogedrag.

Nå kan du oppleve dette sterke samspelet på følgande stader dei neste dagane:

4. oktober kl 20:00:  Kieglekroa, Trondheim
5. oktober kl 20:00:  Jostedal hotell, Jostedalen
6. oktober kl 19:30:  Aukrust gard og urteri, Lom
7. oktober kl 19:30:  Vauldalen fjellhotell, Røros
8. oktober kl 15:00:  Oppdalsmuseet, Oppdal

 

BILETE FRÅ FOLKELARM 2011 (Foto: Eivind Kaasin)