Hovudnemnda for Veslandskappleiken 2012 legg opp til ei innhaldsrik tevlingshelg.

Kveldssamlingane vert nytta til dansespel, kanskje med finalespel?

Det vert familiedans og festivalpub, og få minutters gangavstand mellom arenaane. Det vert og lagt opp til ”tett-på-konsertar” der profilerte musikarar vert hovudattraksjon.

Vestlandskappleiken er ein landsdelskappleik for fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Føremålet til Vestlandskappleiken er å vera ein sosial og musikalsk møtestad for deltakarar, andre utøvarar innan folkemusikk og –dans, samt andre interesserte.

Gjennom ei slik samling søkjer ein å styrka interessa for, kjennskapen til og kunnskapen om folkemusikken og -dansen i vestlandsregionen.

- Det vert i år ein «ny vri» på vestlandskappleiken, der me nok vil få oppleve meir toradarspel, enn kva me vanlegvis er vane med. Me legg opp til ein kombinasjon av den vanlege kappleiken og runddansdansklassar.

- I tillegg til å tevla i dei vanlege klassane, vil me og prøve å skape ei god oppleving for dei små, rekruttane, som kjem til Osterøy. Me jobbar difor med å skipa til musikkverkstad for born, og ein sjokoladekappleik.

Fjordslottet i Fotlandsvåg vert årets kappleikshotell. Det vert sett opp bussar mellom hotellet og kappleiksarenaen. Det vert og mogleg å sove i klasserom, på kappleikscampen eller privat innkvartering for dei som ynskjer det.

Sjekk nettsida til kappleiken: www.vestlandskappleiken.no, eller følg tilskipinga på Facebook.